Hopp til innhold

Ny sesong av «Hjerte til hjerte»: – Kan nesten ikkje vente

Den populære humorserien med Linn Skåber i hovudrolla får ein tredje sesong.

Linn Skåber

Linn Skåber er klar for å spele inn ein forvrengt versjon av seg sjølv i serien «Hjerte til hjerte»

Foto: Javier Auris

Serien «Hjerte til hjerte» med komikar Linn Skåber i front, vart ein braksuksess da fyrste sesong kom i 2007.

Andre sesongen kom i 2010. Og nå er det altså klart for eit tredje gjensyn med Linn Skåber som spelar seg sjølv.

– Eg gler meg til å lage ein ny sesong av «Hjerte til hjerte». Eg kan nesten ikkje vente med å kome i gang og få vekka liv i karakteren Linn. Eg har snakka med ho. Ho er framleis den same grenselause, optimistiske og seigliva Linn, fortel Linn Skåber.

Hjerte til hjerte - Spelet Stemningsbilde sesong NRK TV

I sesong to av «Hjerte til hjerte» får Skåber ein rolle i Maridalsspillet. Her saman med Jon Øigarden, Gard B. Eidsvold og Janne Formoe.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Mange har etterspurt ny sesong

I begge sesongane bruker Linn Skåber seg sjølv som hovudkarakter, og vi blir kjent med ein noko meir sjølvopptatt og aspirerande person som er villig til å gjere det meste for å vinne merksemda.

Denne sjangeren, der skodespelaren spelar ein verre utgåve av seg sjølv i eit dokumentarisk format, var ny i Noreg da den kom ut.

Og vart veldig populær.

– Det er mange som har tatt kontakt og spurt om vi ikkje kunne lage ein ny sesong, men det har ikkje kjentest riktig før. Men nå har vi ein idé som passar godt i tida og som vi har trua på. Eg trur verda er klar for ei ny runde «Hjerte til hjerte», legg Skåber til.

Hjerte til hjerte s01e01

Linn Skåber og Gørild Mauseth syng i ei gravferd i sesong to.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Det kan også Christina Rezk Resar, redaksjonssjef i NRK Underholdning, bekrefte.

– «Hjerte til hjerte» har hatt så utruleg fine fans og heiagjeng heile vegen, og vi har blitt spurt mange gongar om å lage ny sesong. Det er derfor hyggeleg å seie at vi nå har funne ein ny ide som gjer det verdt å lage ny sesong, seier ho.

Resar vil ikkje røpe kva vi kan forvente oss av den neste sesongen, men:

– Vi har fått med oss same manusforfattarar og regissør som dei to føregåande, og eg kan love at det blir i tråd med det kleine og pute-TV-aktige som kjenneteiknar serien, legg ho til.

Blir flau av seg sjølv

Hausten 2022 inngjekk NRK ein arkivavtale, noko som førte til at blant anna «Hjerte til hjerte» nå kan sjåast i NRK TV.

I den forbindelse vart Linn Skåber spurd om kva ho synest var flauast med innspelinga av serien.

Sjå svaret i videoen under:

Linn Skåber ser tilbake på en scene i «Hjerte til hjerte» der hun forsøker å kysse fotball-keeper Erik Thorstvedt.

Linn Skåber ser tilbake på ei scene i «Hjerte til hjerte» der ho forsøker å kysse fotball-keeper Erik Thorstvedt.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.