SE OGSÅ: |
ALT OM: |
J.M. Coetzee: «Langsom mann»
Omsett av Mona Lange
Cappelen forlag 2006
Eg tilhøyrer dei som meiner at Coetzee er ein av verdas viktigaste og beste nolevande forfattarar. Han har greidd å smi vakre og tankevekkande og kompliserte historier av livet i Sør Afrika, og han har greidd å få desse historiene til å bli nærverande og til å angå oss som noko anna og meir enn historier frå eit fjernt kontinent. Han legg inn mønster frå store europeiske forfattarar som Kafka og Dostojevskij, han syner fram etiske dilemma og kjenner apartheid frå innsida.
Masete kvinnefigur
Men forholdet vårt begynte å skrante for eitpar år sidan, då han kom med romanen Elizabeth Costello, som var åtte essay laust samanknytt med ein historie om den geskjeftige australske forfattaren Costello. Her leikar Coetzee leiken med uklår avsendar; er det Costello eller Coetzee som står inne for essaya? Det kom ikkje så mykje ut av den leiken, og det heile verka dårleg gjennomtenkt. Men ingen forfattarar kan vere på høgde med sitt beste heile tida, så då «Langsom mann» kom, hadde eg på ny store forventningar.
J.M. Coetzees ellevte roman på norsk
Dessverre innfrir ikkje Coetzee denne gongen heller. Han har eit godt opplegg og det opnar lovande, men så kjem denne masete Elizabeth Costello igjen og øydelegg det heile. Den langsomme mannen er ein sprek 60-åring som må amputere eit bein etter at sykkelen hans blei påkøyrt av ein fartsglad ungdom som møter opp på sjukehuset og seier «uflaks». Paul Rayment misser ikkje berre eit bein, han misser fridommen og blir avhengig av eit hjelpeapparat som hjelper, men som ikkje kan gje han verken fridommen tilbake eller kjærleg omtanke som han higar etter.
Forlaget tek feil av verdsdelane
Coetzee har eit skarpt blikk for det intense spelet med makt, pengar og kjensler og vi er godt i gang, men så ein dag står forfattaren Costello på døra og insisterer på at Paul er ein figur i ei historie ho skriv. Også i denne romanen spelar ho ei utydeleg og lite fruktbar rolle som går ut på å setje forholdet mellom fiksjon og verkeleg liv i ubalanse. Slik ubalanse kan det kome mykje bra ut av, men Coetzee maktar ikkje anna enn å svekke sine eigne forteljingar og rote det til. Og det er trist, for intensjonen var truleg ein heilt annan. Mitt håp for framtida er at Costello vil få det hjarteinfarktet ho masar om, slik at Coetzee kan skrive romanane sine utan at ho blandar seg inn.
I «Langsom mann» (som i «Elizabeth Costello») er handlinga lagt til Australia, der Coetzee no bur. I den grad det er referert til andre verdsdelar i den nyaste romanen, så er det til Europa; til Kroatia og Frankrike. Det er derfor underleg at Cappelen held fast på formuleringa «En roman fra Sør-Afrika» utanpå boka. Eg veit ikkje om det er slurv eller ein tanke om at Sør-Afrika sel betre enn Australia. Tanken er neppe at Coetzee skriv med sitt boerblod og derfor skriv han frå Sør-Afrika same kvar han legg handlinga. Joseph Conrad var verken polsk eller ukrainsk sjøl om han hadde røtene sine der. Dersom ein pakistanar skulle skrive ein roman om sin nye heimby Trondheim, ville ein neppe skrive «En roman fra Pakistan» utanpå. Identitetsmarkørar av dette slaget er følsomme saker ein bør greie å halde styr på i våre dagar.
Marta Norheim i Kulturnytt i P2 20. mars 2006