Norsk musikk ut til folket
Etter mange års fråvær i dei fleste butikkar skal endeleg folkemusikken og gammaldansmusikken bli tilgjengelig for folk flest att. Reidar og Kjell Opsal har starta eige distribusjonsselskap for at folk skal få det dei vil ha
Suksess for Åpen klasse
Landskappleiken 2002 er over. Det hele skjedde i Vågå, med masse folk og musikk hele døgnet. Og dessuten et lite nyskapende forsøk på å gjøre arrangementet enda mere tilgjengelig.
Dansar fekk fond-pris
Norsk Folkemusikkfond sin pris gjekk i år til dansaren Tor Stallvik. Han har lagt ned eit stort og allsidig arbeid for norsk folkedans.
Kongepokal til dans klasse A
Kongepokal var i år sett opp i dans hardingfele klasse A under Landskappleiken. Offentleggjering av resultat og utdeling av pokal skjedde under meisterkonserten søndag 30. juni.
Sensasjonell gullfele
Magne Kvamme mottok i går gullmedalje for utstilt hardingfele på Landskappleiken. Tildeling av gull skjer so uhyre sjeldan at ingen veit kva tid dette sist skjedde
Finalespelet over
Laurdag kveld gjekk det endelege finalespelet på Landskappleiken 2002 av stabelen. Møt aktørane i aksjon på scena under kappspelet i Vågåhallen.
Sterke kandidatar til finale i vanleg fele
To Trødarar og ein Gudbrandsdøl skal kive om fysteplassen under årets finalespel. Finalen går av stabelen laurdag kveld kl. 21.00 i Vågåhallen.
Barn spelar for barn
Glede og fryd til gjensidig stimulans. Barn spelar for barn heilt utan å konkurrere med kvarandre. Her kan du sjå foto frå konserten fredag under Landskappleiken i Vågå
Resultatliste Landskappleiken 2002
Resultatliste for tevlingane onsdag, torsdag, fredag og laurdag under Landskappleiken i Vågå 2002. Fullstendig resultatliste er å finne på Landskappleiken sine nettsider.
Stor interesse for Open klasse
Open klasse er nyskapinga under årets Landskappleik. For fyste gong har utøvarane fått eit forum der dei sjølve står heilt fritt med omsyn til instrumentering og arrangering.
Valgjerd raus med rosen
Dei som hadde håpa på auka statleg engasjement for folkemusikken vart skuffa i Vågå torsdag. Kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland var raus med rosande omtale, men gjerrig med kulturkroner då ho føretok den offisielle opninga av Landskappleiken 2002
Velklingande Takk for sist
Vågå Spelmannslag fyller 50 år i år og markerar jubileet med utgjeving av ny CD. I travle dagar som arrangør av Landskappleiken, ryddar dei tid til ein liten konsert i matteltet på stemneplassen.
Vann i Vågå
Norsk folkemusikk har nokre få ”superstjerner”. Kirsten Bråten Berg og Hallvard T. Bjørgum frå Setesdal er to av dei. I Vågå onsdag kom dei til sine eigne, og ”bortesigeren” var aldri truga. Vågå kulturhus vart for lite til å romme alle forventningsfulle publikumarar på opningskonserten under Landskappleiken.
Åpner Landskappleiken
Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland skal åpne Landskappleiken i Vågå den 26. juni.
NRK til Landskappleiken i Vågå
Konkurranselystne musikarar og dansarar frå heile landet møtest til kappestrid i Vågå 26.-30. juni. NRK vil vere på plass for å dekke Landskappleiken 2002, ein av dei største nokosinne.