Med heile 570 startnummer med omlag 1200 indviduelle deltakarar, vil Landskappleiken i år ha nær like stor deltaking som rekordåret 1996. Også den gongen var Vågå spel- og dansarlag den lokale arrangør av Landslaget for spelemenn sitt årlege hovudstemne.
På nett med Gunn Sølvi Gausemel.
Kappleik direkte på NRK.no
På NRK sine nettsider kan ein følgje kappleiken dag for dag. I samarbeid med NRK sitt distriktskontor på Lillehammer vil arrangementet for første gong bli direkte overført med lyd på NRK.no.
Følg omtale av konsertar og tevlingar samt oppdaterte resultatlister på våre nettsider. Vi håpar etter kvart å kunne by på biletgalleri og levande bilete frå Landskappleiken 2002 i Vågå.
Meir enn berre konkurranse
Kirsten Bråten Berg
Arrangøren, Landskappleiken, Vågå Spel- og Dansarlag, byr også på fleire konkuransefrie tilstellingar. Det blir konsertar med
Per Sæmund Bjørkum
framståande utøvarar som Per Sæmund Bjørkum, Reidar Svare, Kåre Nordstoga, Hallvard T. Bjørgum, Kirsten Bråten Berg og gruppa Blåmann Blåmann. Vågå spel- og dansarlag markerar også sitt 50-års jubileum med eigen konsert. "Barn spelar for barn" er eit arrangement for dei yngste. Barn under 14 år er invitere til å syngje, spela og danse for kvarandre under kappleiken. Scena i matteltet blir arena for dette arrangementet.
Folkemusikktimen i P2 byr på det beste
NRK dekkar Landskappleiken med fleire sendingar i Kulturkanalen P2. Programmedarbeidarane Kjetil Bjørgan og Leiv Solberg lovar innhaldsrike sendingar med musikkopptak, intervju og reportasjar både frå konkurransane og konsertane.
Kjetil Bjørgan og Leiv Solberg under fjorårets Landskappleik i Rauland
Saman med NRK-teknikarane Inger Kvalvik og Morten Hermansen, gjer dei opptak av det fem dagar lange Landskappleiken. Og det beste av det beste serverar dei for radiolyttarane i løpet av sommaren.
Sendetider frå Landskappleiken
Folkemusikktimen i Kulturkanalen P2 følgjande søndagar:
30. juni kl. 18.03-19.00.
14. juli kl. 18.03-19.00.
21. juli kl. 18.03-19.00.
4. august kl. 18.03-19.00.
11. august kl. 18.03-19.00.
18. august kl. 18.03-19.00.
25. august kl. 18.03-19.00.
Reprise fredagar kl. 11.03.