Erlend Loe
L
Cappelen 1999
Den siste romanen til Erlend Loe vart kjent i media allereie før han var skriven. Forfattaren budde saman med seks andre unge menn på ei stillehavsøy nokre veker i 1998. Rapportar frå øylivet vart sendt med e-post til
Dagbladet. No er bokversjonen av Loes bidrag til aude-øy-litteraturen komen.
Kva skal ein stakkar finne på?
Gjennom tusenvis av år har forfedrane våre bygd landet med stor flid, mens andre, av den meir rastlause typen, har oppdaga resten av kloden. No er alt bygd og alt oppdaga, og kva skal ein stakkar då finne på?
Omlag slik er utgangspunktet for romanens hovudperson, som ber namnet Erlend Loe. Og han finn på at kanskje indianarane, når alt kjem til alt, ikkje drog til stillehavsøyane på flåter slik Thor Heyerdahl trudde dei gjorde, men på skøyter, i ei fjern fortid då Stillehavet var dekka med is.
Umogleg å forankra seg
Romanpersonen Erlend Loe samlar saman ein gjeng med unge menn som av ulike grunnar synst det passar å dra til andre sida av kloden for å leite etter skøytene og elles anna som kan styrke teorien.
Så dreg dei, frå ubetalte avdrag til Lånekassa og uavklarte forhold til damer for å bringe vitskapen framover og setje Noreg på kartet slik vikingar og Thor Heyerdahl har gjort før.
Den verkelege Erlend Loe har gjort nøyaktig den same reisa, og historia er ei blanding av fakta og fiksjon av den typen som på 60-70-talet fekk namnet faksjon. Den slåande forskjellen er at på den tida vart metoden nytta for å realitetsforankre litteraturen og gjere han politisk slagkraftig, mens forfattaren og ekspedisjonsleiaren Loe brukar grepet for å illustrere kor umogleg det er å forankre seg i denne verda der alt er gjort betre før.
Puslete resultat
Spriket mellom dei store migrasjonsteoriane og dei puslete resultata av ekspedisjonen fører til mykje god komikk av det slaget Erlend Loe har levert i dei tidlegare bøkene sine.
Det hjelper ikkje med gode skussmål i O-fag det vil seie orienteringsfag når du skal orientere deg utanfor klasserommet i den verkelege verda der naturen er gjerrig med å gje frå seg opplysningar.
Veit at dei har tapt
Men midt i all komikken er det heile ganske så trist. Romanfiguren Loe og co veit at skøyeteorien er berre eit påfunn. Dei må heile tida fylle ekspedisjonen med den meininga teorien manglar, og det er ei tung bør når tobakken tek slutt og myggen bit dag og natt. Denne gjengen er ikkje sju uovervinnelege, dei er sju don Quijotar som til overmål veit at det er det dei er, og som prøver å vere det på ein verdig måte.
Slik sett er boka minst like politisk som 70-talets faksjonar, ved at ho på skarpsindig og aktuelt vis svarer på spørsmålet som er formulert i boka i beste O-fagtradisjon: "Beskriv, med deres egne ord, hvordan det er å være menneske. Ta rede på hvordan alt henger sammen og hvorfor dere er her".
Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2, 15. september 1999