Hopp til innhold

Du må ta med deg ein minnepinne til Erlend Loe for å få sjå denne serien

Mange tusen filmar, og minst ein norsk TV-serie er umoglege å sjå.

Skjermdump tatt klokka 10:33 22.04 2022.

TV-serien «Kampen for tilværelsen» er ikkje tilgjengeleg i NRK-TV og elles umogleg å oppdrive på lovleg vis.

Foto: Skjermdump / NRK

Filmplakatane på veggane i gangen utanfor røper at det er her, på eit cellekontor midt i Oslo, at ein av Noregs fremste forfattarar sit og skriv sine manus.

Og driv eit pittelite illegalt tilbod til dei som berre må sjå TV-serien «Kampen for tilværelsen».

Underteikna møter opp med minnepinne og sjekkar om tilbodet hans framleis er der.

– Om eg ville hatt ein kopi på denne minnepinnen, kunne eg fått det?

– Ja, men du må ikkje seie det til nokon, svarar Erlend Loe og smiler til kamera.

Berre ei handfull personar har faktisk møtt opp på kontoret til Loe med minnepinne. Ein av dei delte serien vidare på nettet.

– Det er eit heidersteikn, seier Loe.

– Du er ikkje redd for å bli straffa for å gjere noko ulovleg?

– Den straffa kan eg ta. Eg har mange bøker eg må lese om dei tar frå meg fridommen ein periode, svarar han.

«Kampen for tilværelsen» er eit av fleire eksempel på filmar og seriar som forsvinn.

Tusenvis av filmar har forsvunne

Hugsar du den gongen du fann fram popkornet, la beina på bordet og sette mobilen på «ikkje forstyrr» berre for å oppdage at serien du skulle sjå ikkje lenger var tilgjengeleg?

Utfordringa med å finne igjen enkelte filmar er betydeleg større enn med seriar.

Tusenvis av filmar er enten heilt tapte eller heilt utilgjengelege, ifølgje gruppa «Missing Movies» som jobbar med å gjere flest mogleg filmar tilgjengelege for strøyming.

Før påske skreiv Morgenbladet om den amerikanske regissøren Mary Harron (American Psycho) sin kamp for å gjere filmen sin «I shot Andy Warhol» og ei rekkje andre, tapte filmar tilgjengeleg igjen.

Skjermdump av nettsida "Missing Movies"
Foto: Skjermdump av nettsida "Missing Movies" tatt 25.04.2022

Korleis er stoda her heime?

– Det korte svaret er at det er ingen som veit, fortel filmforskar Marius Øfsti ved Høgskolen i Innlandet.

Om du vil ha eit gjensyn med ein eldre norsk film, finst det fleire strøymetenester som tilbyr det – men du må leite sjølv.

– Og du må enten ha flaks, eller vere villig til å leite ei stund for å finne filmen du leiter etter, seier Øfsti.

iTunes har for eksempel nærmare 400 og SF Anytime over 500 norske filmar i sine katalogar.

– Då er det framleis eit stykke igjen til dei cirka 1200 norske filmane som har vore vist på norske kinoar sidan 1911, seier Øfsti.

Erlend Loe

Erlend Loe framfor plakaten til TV-serien «Kampen for tilværelsen».

Foto: Nuno Duarte / NRK

Årsaka til at serien forsvann

Over lengre tid har «Kampen for tilværelsen» vore i ei særstilling.

Årsaka til det er todelt.

  • Avtalen mellom NRK og dei som lagde «Kampen for tilværelsen» la berre opp til at serien kunne bli vist ei kort stund på nett.
  • Samtidig slutta NRK å selje dvd-kopiar av seriane sine.

Det førte «Kampen for tilværelsen» inn i ein limbo som han berre har kome ut av to gongar dei siste seks åra.

Erlend Loe, kampen for tilværelsen, tv, Loe, Erlend,

Erlend Loe vil folk at folk skal få sjå serien hans på ein lovleg og meir praktisk måte. – Den burde sjølvsagt vere tilgjengeleg, seier han.

Foto: Nuno Duerte / NRK

Måtte betale flyselskap for å sjå TV-serien

På eit tidspunkt måtte dei som ville ha eit gjensyn med «Kampen for tilværelsen» feste setebelta og setje telefonen på flymodus.

Før det hadde HBO Nordic kjøpt rettane. No var serien berre å sjå bak seteryggane på Norwegian sine fly. Så forsvann han igjen.

Slik var stoda då Erlend Loe la ut meldinga under på Twitter, og det skulle fleire forskarar takke han for.

Skjermbilde fra Tweet
Foto: Skjermdump av Twitter 22.04.2022 klokka 15.08

Forskarar piratkopierer

– Ein filmforskar som ikkje lastar ned «Kampen for tilværelsen» når den er tilgjengeleg vil eg kalle useriøs, seier Øfsti.

Stipendiaten ved Høgskolen i Innlandet skriv doktorgrad om norsk filmdistribusjon i strøymealderen, og har sjølv ein piratkopi av «Kampen for tilværelsen».

Sjekk ut denne Derfor er Wes Anderson elska av ein heil filmverd

The French Dispatch (2021)

– Vi snakkar om eit sentralt verk i norsk TV- historie. Det at han er utilgjengeleg gjer han ekstra viktig å sikre seg, seier han.

NRK har snakka med fleire filmforskarar som har fått ein kopi av Loe. Det andre alternativet er nemleg å møte opp på Nasjonalbiblioteket og seriefråtse der.

Les denne Filmpremierane som vart stoppet av nyheitene

Vildmænd, Kampen om Narvik, V for vendetta

Vil legge ut mest mogleg

Tidlegare i vår vart NRK og Norwaco nemleg einige om ein ny arkivavtale som gjer at fleire seriar laga før 2015 vil bli tilgjengeleg på NRK TV.

Av og til må dei gjere fleire vurderingar før ein serie vert lagt ut på nett, fortel seksjonsleiar for NRK sitt arkiv, Ingrid Belt.

Ingrid Belt Leder NRK Arkiv

– Vi har absolutt som ambisjon og ønske å legge ut så mykje som mogleg frå NRK arkivet, nettopp fordi det er vår felles historie og ein del av kulturarven, seier Ingrid Belt. Her viser ho fram ein fysisk kopi og ein digital kopi av TV-serien «Vi går om bord» av Erlend Bye.

Foto: Even Johnsen / NRK

Sidan andre sesong av «Kampen for tilværelsen» kom etter 2015, er den ikkje omfatta av Norwaco-avtalen. NRK må derfor forhandle fram ein eigen avtale før dei kan strøyme serien.

– Når det gjeld den serien er vi ikkje komne så langt at vi har fått gjort dei redaksjonelle, praktiske og juridiske vurderingane enda, seier Belt.

Eit økosystem

Norwaco representerer norske rettigheitshavarar i film- og seriebransjen.

Direktør Elin Urkedal seier dei forstår at publikum blir frustrerte når filmar og seriar er utilgjengelege.

– Men det forsvarer ikkje at dei blir spreidd ulovleg.

Når rettigheitseigarane får betalt, sikrar ein at manusforfattar og andre som bidrar i produksjonen tener nok til å fortsette å lage filmar og seriar i framtida, påpeiker ho.

– Det er eit økosystem der alle partar er avhengige av kvarandre, seier Urkedal.

Hallais!

Har du ein film, ein tv-serie, eit dataspel, ein LP eller liknande som du ikkje finn? 

Eg vil gjerne skrive om folk som har gått langt for å finne, eller som framleis leiter etter favorittane sine!

Kom gjerne med tips til andre saker og, om du har det!

AKTUELT NÅ