Hopp til innhold

Bryggekunstnarar i silhuett

Du har sett Bryggen i Bergen - frå kaisida. Men dei færraste har vore bak fasadane og sett kva som skjer der. I Norge Rundt får du glimt og silhuettar av bryggekunstnarar.

Programleiarsilhuett
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Silhuettklipping
Foto: Thomas Hellum / NRK

Silhuett

Den franske finansministeren Silhuett er opphavet til omgrepet silhuett. Då han levde på 1700-talet var det dyrt å få malt bilde av seg, men langt billegare å få klipt konturane av hovudforma....ein silhuett. Denne finansministeren var svært gjerrig og meinte folk burde spara...derav omgrepet silhuett fordi det var ei billig kunstform. Biletkunstnar Hjørdis Kaland silhuetterer fleire brukskunstnarar på Bryggen og programleiaren - og gjerne deg og hvis du vil.

Sigmund Ellefsen er steingal
Foto: Thomas Hellum / NRK

Stein

Sigmund Ellefsen er den einaste som nå sel fisk på Bryggen. Men hans fiskar finst bare i forsteina form! Han har enormt mange ulike typar stein og fleire av dei er millionar år gamle. Her finn du også forsteina dinosauregg ! Sjølv sliper Sigmund stein til smykker, og brukar då gjerne norsk stein, som foreksempel nasjonalsteinen larvikitt. Han har stein frå heile verda, og kundane som kjem innom er også frå alle verdsdelar.

Keramikar Elin Brudvik elskar kropp
Foto: Thomas Hellum / NRK

Keramikk

Elin Brudvik likar best å laga skulpturar, ho elskar kropp ! Men ikkje minst fordi ho gjennom forminga av kroppane prøver å formidla kjensler. I Norge Rundt møter du henne i arbeid med eit par - som skal bli bryllupspresang. Dei står tett inntil kvarandre, men ikkje fastare enn at skulle det bli slutt på ekteskapet, kan dei ta med seg kvar sin kropp.

Brannsikker safe
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Elin held til i eit 500 år gammalt steinhus, som opp gjennom åra var brukt nærast som safe for dei som heldt til i trehusa lenger framme på Bryggen. Slik tok dei vare på viktige dokument trass i bryggebrannar.

Gullsmed Per Vigeland i profil med silhuett
Foto: Thomas Hellum / NRK

Gull og sølv

Brureparet kan også få seg ringar bak Bryggen. Gullsmed Per Vigeland held til i eitt av lokala i dei gamle trehusa. Han kan mellom anna tilby ring av kvitt gull med to små diamantar til nærare 20.000 kr.! Han likar best å laga ting spesielt tilpassa den enkelte kunden. Ønskjet som går igjen hos dei fleste kundane hans er :" har du noko fint til min kjære ?"

Vibeke Øvstedal syr og strikkar
Foto: Thomas Hellum / NRK

Barneklede

Ho har sydd klede til barn sidan ho fekk barn sjølv, Vibeke Øvstedal. Nå har ho barnebarn og syr ennå. Av og til lurer ho på om det er hobby eller jobb, for inntektene er ikkje så enorme når ho gjer alt sjølv. Favorittkunden er italienar, seier Vibeke. Dei er sååå begeistra, skryt og gestikulerer - og ringer gjerne frå Italia og bestiller meir. Ho både syr og stikkar og har nå også begynt å laga klede for vaksne kvinner. Å vera på Bryggen er topp, skryt Vibeke.

Trehusa ligg trett på Bryggen
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Norge Rundt fredag 28.mars kl. 19.30 på NRK 1

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters