Kronprins Frederik var ganske ordknapp da han kommenterte rabalderet som har vore rundt det danske kongehuset den siste veka.
Førre torsdag offentleggjorde prins Henrik at han ikkje ville bli gravlagt i Roskilde Domkirke, der det er planlagt at dronning Margrethe skal liggje i ein sarkofag. Dermed bryt han ein 600 år lang tradisjon.
– Det einaste eg har å seia er at eg er svært lei meg for avgjerda til faren min. Meir kan det ikkje seiast om denne saka på nåverande tidspunkt.
Det sa kronprinsen til Danmarks Radio og fleire andre danske medium under eit arrangement ved Aarhus Lystbådhavn torsdag formiddag.
Kronprinsen er den fyrste medlemen av kongefamilien som kommenterer beslutninga til prinsen.
Ikkje fornøgd med tittelen
Prins Henrik skal ha vorte meir og meir misfornøgd med rolla i det danske monarkiet. Ifølgje kongehuset føler prinsen seg ikkje sidestilt med ektefellen. Han har vore utilfreds med tittelen «prinsegemal», og har ynskt å bli kalla «kongegemal» i staden for.
Til danske Se og Hør går prinsen så langt som å seia at dronning Margrethe gjer han til narr.
– Som menneske burde ho veta at ein mann og ei kone skal vera like. Eg har ikkje gifta meg med dronninga for å bli gravlagt i Roskilde, sa prinsen i det eksklusive intervjuet.
Har vekt internasjonal merksemd
Fleire kommentatorar, historikarar og kongehuskjennarar har i danske aviser slakta prins Henrik for oppførselen hans. Ifølgje Jyllands-Posten har prinsen vakt merksemd med det uvanlege og uventa utspelet også i utlandet.
«Danmarks prins ville vera konge. Nå vil han protestere i all æve», skriv New York Times, medan magasinet People kallar prinsen for «verdas mest bitre kongelege». Den britiske nettsida Royal Central, som lagar nyheiter om verdas kongelege, kallar han for «ein skamplett på det konstitusjonelle monarki».
Men midt oppi all kritikken har prinsen òg fått støtte. Mellom anna har den danske politikaren Søren Søndergaard gått ut mot kritikarane.
– Prins Henrik må sjølv få bestemme kvar han skal gravleggjast. Send han i kretsløp rundt jorda i ein romrakett – om det er det han vil, seier Søndergaard til BT.