Hopp til innhold

Blogg-kjendis angrar på at ho delte bilde av barnet: – Lett å gløyme konsekvensane

Bloggaren Kristin Gjelsvik er bekymra over at folk legg ut bilde av barna sine i sosiale medium kvar dag.

Kristin Gjelsvik

OPPGJER: Kristin Gjelsvik tar eit oppgjer med foreldre som deler bilde av barna sine på nett.

Foto: Youtube / Youtube

– Eg tenker at det kan vera viktig å ta ein fot i bakken og reflektere litt over det ein deler av dei aller mest sårbare, og kva konsekvensar ei slik deling faktisk kan ha, seier Kristin Gjelsvik til NRK.

I helga la ho ut ein instagramvideo der ho snakka om ukritisk bildedeling av barn på internett – ein video som har skapt enormt med engasjement.

Influensaren meiner eksponering av barn er eit viktig tema som vi snakkar altfor lite om. Ho ønsker å skape debatt.

– Det handlar rett og slett om at alle barn har rett til privatliv. Dette står til og med i barnekonvensjonen til FN, men vi ser likevel at dette punktet eigentleg blir brote på dagleg basis over heile verda, seier ho.

Også Gjelsvik har delt bilde av barnet sitt i sosiale medium tidlegare. Det angrar ho på nå.

– Ein er jo så stolt av barnet sitt at det er lett å gløyme konsekvensane av det i sjølve augeblikket. Den delinga eg såg på som uskuldig i starten ser eg nå ikkje er så uskuldig likevel, seier ho.

Kristin Oudmayer, direktør for barns rettar i Unicef Noreg, deler synspunkta til Gjelsvik.

Kristin Oudmayer er direktør for barns rettigheter og bærekraft i Unicef.

BESKYTTELSE: Kristin Oudmayer, direktør for barns rettar i Unicef Noreg legg vekt på at barn har rett på beskyttelse og retten på privatliv.

Foto: Carl Asquini / Unicef

– Det bekymrar oss

Ei undersøking Unicef gjorde i 2020 viser at foreldre i snitt legg ut over 1000 bilde på internett før dei er 12 år gamle.

– Det bekymrar oss at barn blir eksponert i eit så stort omfang. Det er med på å kunne gjere barn sårbare, seier ho.

– Som forelder har ein ansvar for å skjerme barna sine frå sårbare situasjonar og gi dei den beskyttelsen dei har rett på i samsvar med barnekonvensjonen, legg ho til.

Oudmayer oppfordrar foreldre å tenke gjennom om bildet faktisk er nødvendig, hensiktsmessig eller om det kan setje barnet i ein vanskeleg situasjon seinare, før ein deler det.

– I verste fall kan eit bilde bli utnytta i samband med ID-tjuveri eller føre til at barn blir mobba. eller plaga av noko dei ikkje har rådd over sjølv, seier ho.

«Dette stiller jeg meg så sjukt bak»

Etter Gjelsviks Instagramvideo har kjente profilar kasta seg på debatten. Sanda Lyng, Samantha Skogrand og Jenny Skavlan er blant dei som nå hyllar innlegget.

Jenny Skavlan om eksponering av barn på nett

STØTTE: Kristin Gjelsvik har fått støtte frå blant andre jenny Skavlan og Sandra Lyng sjølv om dei følgjer ulike praksisar.

Foto: Skjermdump

I kommentarfeltet skriv Skavlan «Dette stiller jeg meg så sjukt bak.»

Jenny Skavlan har lenge hatt ein praksis om å skjerme barna og verne om privatlivet sitt.

Til NRK utdjupar ho at ho ikkje sit på noko fasit, men:

– For meg kjennest det heilt feil og utrygt å dele noko så sårbart og nært med potensielt heile verda og miste såpass kontroll over noko så privat. Delt er delt. For alltid, seier ho.

Ho meiner vidare at det er viktig å sjølv kunne forme sin eigen digitale identitet når ein er moden for det.

Bloggaren Monica Nyhus som blant anna byr på seg sjølv og familien i TV2-serien «Bloggerne» har eit litt anna syn på det.

– Eg tenker at det er sunt å ha ein skepsis til noko som framleis er eit nytt fenomen. Grunnen til at vi legg ut bilde i sosiale medium er jo for å inspirere og engasjere til meir familiesamhald. Det er det som vekker kjensler, det er det som får oss til å smile, le grine, seier ho.

Ho meiner dagens samfunn treng eit familiefokus.

– Sosiale medium er ei ny verd som har kome for å bli. Det hadde vore veldig trist om det berre var oss vaksne som fekk lov til å fylla dette rommet.

For Nyhus handlar debatten meir enn om ein skal dele bilde eller ikkje.

– Det er ikkje svart-kvit. I staden for å viske vekk barna våre frå sosiale medium, må me heller finne verktøy for korleis me kan dele bilde av barna våre på ein trygg og god måte.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.