Det var store kontrastar då Stjernekamp først skrudde volumet til elleve i sjangeren hardrock, for deretter å roe det heile ned med akustiske framføringar.
Til slutt var det Gaute Ormåsen som måtte reise heim, etter at han framførte låtar av Judas Priest og Hellbillies. Ormåsen har i fleire program vore blant dei tre med færrast stemmer, men han har klart seg. Denne gongen heldt det ikkje.
– Det er heilt greitt å ryke no. Eg har fått vist nye sider av meg sjølv, men eg hadde aldri trudd at eg skulle vinne heile Stjernekamp. Så eg er fornøgd med å ha kome så langt.
Intens tid
Tida i Stjernekamp har vore intens for Ormåsen. Han har opplevd det som om han har levd i ei boble, der ein heile tida fokuserer på ei ny veke med nye låtar. Samtidig har han for første gong på lenge fått kjenne på nervøsiteten igjen.
– Det har eg ikkje kjent på lenge. Og det har tæra litt på meg. Difor blir det herleg å få sleppe å tenkje på ei ny veke med konkurranse når eg vaknar i morgon tidleg.
No gler han seg til rolegare dagar, og heller konsentrere seg om eigne prosjekt. Men han er takksam for at folk har stemt han så langt som dei har gjort.
Jamt felt
Årets Stjernekamp-kull blei under lanseringa kalla det sterkaste feltet konkurransen har hatt. Det er mange gode vokalistar som har vore med i år, men det har vist seg at det ikkje har vore nok. Når konkurransen no går inn i sluttfasen, er Ormåsen ganske sikker på kven som kjem til å stå att på finalekvelden:
– Dette kjem til å stå mellom Adam Douglas og Ida Maria. Det er eg heilt sikker på, og det er heilt konge. Dei har den sterkaste sceneutstrålinga.
Og på spørsmål om kven som kjem til å stå igjen som vinnar av heile konkurransen, er han like klar:
– Det er Adam sin tur no. Han er ei ny stjerne med strålande kvalitetar. Og eg må innrømme at eg eigentleg har heia på Adam sidan vi starta.
Her var låtane du fekk høyre i kveld med kommentarar frå dommarane.
Hardrock:
Gaute Ormåsen: «Breaking the Law»
Originalartist: Judas Priest (1980)
Av: Rob Halford, K.K. Downing og Glenn Tipton
Felberg: Dette høyrest overbevisande ut. Dette er hardrock. Det er ikkje lett å ta etter dei fire oktavane til Rob Halford, men du har valt rett låt til stemma din.
Hagen: Dette likte eg godt. Du syng veldig bra. Det einaste eg sakna var litt meir bevegelse.
Didrik Solli-Tangen: «Alive»
Originalartist: P. O. D (2001)
Av: Noa Bernardo, Marcos Curiel, Traa Daniels, Sonny Sandoval
Hagen: Eg vil gjerne høyre meir. Eg elska dette. Du hadde tatt til deg tilbakemeldingane eg kom med på øving. Du er til stades på scenen. Dette var perfekt. 10 av 10 frå meg.
Riise: Du fekk vist fram stemma din. Dette var ei perfekt låt for deg. Du var ein del av bandet, som er viktig i denne sjangeren. Kva er det som har skjedd med deg? Dette var bra
Lisa Børud: «Best of You»
Originalartist: Foo Fighters (2005)
Av: Dave Grohl, Taylor Hawkins, Nate Mendel, Chris Shiflett
Hagen: Du har ei veldig bra stemme. Skulle ønske du hadde energien du viste på slutten litt tidlegare.
Felberg: Eg saknar litt meir intensitet i songen. Du kan vere litt meir utadvendt. Dette er ikkje dårleg, men det manglar litt.
Adam Douglas: «Holy Diver»
Originalartist: Dio (1983)
Av: Ronnie James Dio
Hagen: Dette var dritstilig. Du viser at du har attitude. Du gjorde eit bra låtval, og har ei stemme som gjer at du kan leike deg i heile registeret.
Riise: Det er veldig få som får til det du gjorde no. Du brukte heile registeret, og tek ut det teatralske og dramatiske i musikken. Dette var sinnssjukt bra!
Ida Maria: «Ace of Spades»
Originalartist: Motörhead (1980)
Av: Eddie Clarke, Ian Kilmister, Phil Taylor
Felberg: Dette var herleg. Dette var heftig. Du har rock 'n roll-attityden. Du hadde til og med sett mikrofonstativet litt høgt slik som Lemmy gjorde. Dette var skikkeleg rock 'n roll!
Hagen: Du har ei rocka stemme, som står perfekt til denne låten. Du har god energi, men du hadde enda meir energi på øving. Og eg skulle ønske du hadde teke det enda meir ut her i kveld.
AKUSTISK:
Gaute Ormåsen: «Ei krasefaren steinbu»
Originalartist: Hellbilies (1993)
Av: Mick Hanly, Arne Moslåtten
Wilhelmsen: Dette kler deg veldig bra. Du leverer veldig godt. Du kunne nesten ha tatt det enda meir ned.
Riise: Eit veldig godt val av låt. Den passa veldig godt både til stemma di og dialekta di. Men eg også kunne ønske meg at du hadde tatt det enda meir ned.
Didrik Solli-Tangen: «Life on Mars»
Originalartist: David Bowie (1971)
Av: David Bowie
Wilhelmsen: Kjempefint låtval. Du har tatt med deg tilbakemeldingane eg kom med på øving, men det heng framleis litt igjen. Det blir litt høgtidleg, sjølv om du ikkje er pretensiøs. Men godt levert.
Felberg: Du syng alltid bra. Og det gjorde du her også. Men for meg forsvinn litt av nerven. For meg blir dette nesten litt Broadway-aktig. Men du skal ha for at du tør å gjere noko nytt med låten.
Lisa Børud: «Kjærligheten seirer»
Originalartist: Ole Børud (1988)
Av: Arnold Børud
Riise: Fint at du tek eit så personleg låtval. Du startar veldig bra i første verset. Men så kjem koret inn, og då må du synge på ein annan måte. Og då blir framføringa litt glatt for meg.
Wilhelmsen: Det akustiske aspektet blei litt borte for meg. Men du ser bra ut på scenen, og du syng veldig bra.
Adam Douglas: «Breakdown»
Originalartist: Tom Petty and the Heartbreakers (1976)
Av: Tom Petty
Wilhelmsen: Eg kunne sete og høyrt på deg i heile kveld. Du har stemma, timing og spelar gitar på ein ypparleg måte. Men eg likar best når du er på dei mest vare partia.
Felberg: Dette var vakkert og ektefølt. Du kunne ha sunge telefonkatalogen, og det hadde blitt hits. Og samspelet med bandet er fantastisk.
Ida Maria: «Fy faen»
Originalartist: Hkeem ft. Temur (2017)
Av: Abdulhakim Hassane, Temur Baig, Erik Smaaland, Adil Christoffer Svendsen Laatyaoui
Riise: Du har gjort eit overraskande, men godt val. Du gjer låten på ein heilt ny måte, som får fram nye sider ved teksten. Du held tilbake, og du treff veldig godt.
Wilhelmsen: Du bruker stemma di på ein måte som vi ikkje er vant med. Du fraserer bra og får fram nye sider ved låten. Dette var ein verkeleg god versjon.