Hopp til innhold

Konkurstrua grekarar får ny opera til fire milliardar

Midt i den økonomiske krisa i Hellas, startar bygginga av eit privatfinansiert kultursenter med operahus og bibliotek i Aten. Prislappen er på 566 millionar euro, eller om lag 4,25 milliardar norske kroner.

Frå planane for Stavros Niarchos Foundation Cultural Center i Aten

Slik skal den nye nasjonaloperaen sjå ut.

Foto: Renzo Piano Building Workshop

Det nye senteret, som får namnet Stavros Niarchos Foundation Cultural Center (SNFCC), skal romme den greske nasjonaloperaen og det greske nasjonalbibioteket. Gravearbeidet er i gang, bygginga startar komande sommar og bygget skal stå ferdig i 2015.

– Ei satsing på landet si framtid

Ifølgje givarane i stiftinga Stavros Niarchos Foundation, vurderte dei aldri å setje bremsene på for prosjektet:

– Stiftinga meiner at den sosioøkonomiske krisa har gjort prosjektet endå viktigare, uttaler Stavros Niarchos Foundation (SNF) ved sin pressetalsmann Stelios Vasilakis til NRK.no.

– Det var difor aldri ei vanskeleg avgjerd å halde fast ved den opprinnelege planen. Dette er eit prosjekt av stor nasjonal betydning, og vert eit arvebrev til og ei satsing på landet si framtid ved eit kritisk veiskilje i historia. Det skaper også kortsiktig økonomisk stimulans, noko som er ekstremt viktig i den noverande økonomiske situasjonen.

Høyr arkitekten Renzo Piano fortelje om det nye bygget:

– Utelukkande positivt

Sjeføkonom Øystein Dørum i DnB NOR Markets

Øystein Dørum.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Øystein Dørum, sjeføkonom i DNB Markets, uttalte nyleg at dei ferskaste krisetiltaka kan kome til å dytte Hellas enda lenger ned i grøfta. At planane om å bygge nytt kultursenter står ved lag, synest han like fullt er oppløftande:

– Så lenge bygget er privatfinansiert, kan ingen påstå at dei brukar tyske skattebetalarar sine pengar på dette, seier Dørum til NRK.no.

– At private vil satse på kulturbygg i Aten, synest eg er utelukkande positivt. Dette viser tru på framtida i Hellas, og skaper ein viss aktivitet – om enn ikkje så mykje. Den norske og den greske økonomien er jo om lag like store, og bygginga av det norske operahuset gav ikkje større utslag på økonomien vår.

Stavros Niarchos Building Workshop

Det nye kultursenteret vert omgitt av ein kulturpark på 170 mål.

Foto: Renzo Piano Building Workshop

– Eit prangande kulturelt prosjekt

Planane om bygget vart gjort kjent allereie i 2006, lenge før krisetidene for alvor starta i Hellas, og prosjektet har røter hellt tilbake til 1998. Likevel har enkelte kritiske røyster stilt spørsmål ved om ikkje eit så ambisiøst tiltak burde ha vore lagt på is, slik røyndomen i Hellas er no:

– Eg lurer på om det å gå vidare med eit prangande kulturelt prosjekt er i landets interesse akkurat no, skreiv den britiske journalisten Norman Lebrecht nyleg.

– Vil kome ut av krisa som eit betre land

Stavros Niarchos Foundation viser til si tru på Hellas si framtid når dei blir spurt om kritikken som har kome mot byggeprosjektet:

– Samstundes som vi forstår at folk kan vere skeptiske til timinga for tiltaket, er det mange andre som fullt og fast trur at landet vil kome ut av denne krisa som eit betre land, forklarer Stelios Vasilakis i SNF.

– Offentlege institusjonar som bibliotek og opera, berebjelkar i eitkvart samfunn, vil gå i spissen for denne gjenreisinga. Bygginga av senteret er eit sterkt vitnesbyrd om denne trua.

Nasjonaloperaen og nasjonalbiblioteket er i ferd med å utarbeide nye budsjett for drifta i nybygget, og SNF vurderer å gi ytterlegare støtte:

– Stiftinga er trygg på at den greske staten vil oppfylle sine forpliktingar til å bevare og drive senteret når det er ferdig. Stavros Niarchos Foundation vurderer dessutan å opprette eit legat for SNFCC, seier Vasilakos.

Har lite tru på ein trend

Stavros Niarchos-stiftinga sette nyleg også av 130 millionar euro til krisedempande sosiale føremål i Hellas, og ønskjer å inspirere andre pengesterke aktørar til liknande tiltak. Øystein Dørum har lite tru på at givarviljen spreier seg i særleg stor grad:

– Det er mange grekarar som har store formuer, men eg ville ikkje satsa pengane mine på at dette blir nokon trend, seier han.

– Kapitalen er blind, seiast det, og investorar søkjer seg mot høgast mogleg risikojustert avkasting. Kor attraktivt det blir å investere i Hellas, heng saman med utviklinga i den politiske stabiliteten og den økonomiske veksten i landet.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.