Hopp til innhold

Først brann Hellas – no druknar landet i ekstrem­regn

På eit døgn har Hellas fått nærare 800 millimeter regn. Det vil seie 80 tilitersbøtter med vatn per kvadratmeter – eller like mykje som i Oslo på eit heilt år.

Medan skogbrannar held framleis på, skyl ekstremnedbør over Hellas
Tida for bekymringslause somrar er over, seier den greske statsministeren.

FLAUM: Tida for bekymringslause somrar er over, seier den greske statsministeren.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bilar ligg i sjøen og fortvilte restauranteigarar vassar i vatn.

– Eg er redd for at det er slutt på bekymringslause somrar, slik vi kjenner dei, og at frå no av vil dei komande somrane sannsynlegvis bli vanskelegare.

Det sa den greske statsministeren, Kyriakos Mitsotakis, tysdag.

To personar er død og tre er sakna etter at regnstormen «Daniel» trefte Hellas denne veka.

En oversvømt elv i Volos i Hellas. Bildet viser en brun elv som har iversvømt flere bygninger. En bil står midt i elven, og i bakgrunnen ser man flere hus som elven har rent inn i.
Foto: AFP

Den greske statsminister åtvara befolkninga om eit «ekstremt fenomen» som skyl over landet.

Også Tyrkia og Bulgaria er trefte av «Daniel». Ulike nyheitsbyrå melder om mellom 5–7 døde og fleire sakna i dei tre landa. Skadane er store, melder nyhetsbyrået AP.

Greece PM Weather

Den greske statsministeren Kyriakos Mitsotakis og den greske presidenten Katerina Sakellaropoulou diskuterte tysdag skogbrannar og flaumen i landet.

– Det er det mest ekstreme vêret med tanke på nedbørsmengder i løpet av 24 timar vi har sett sidan vi byrja å måle vassrekordar i dette landet.

Det sa den greske klimaministeren Vassilis Kikilias medan han oppmoda folk til å halde seg innandørs.

Hamnebyen Volos, som ligg nord for Athen, er særleg råka av vêret.

Ein sommar med ekstremvêr

Berre to veker etter at den mest dødeleg skogbrannen i Europa denne sommaren starta i Evros, trefte ekstremvêret regionen. Brannen heldt på i over to veker, og minst tjue liv har gått tapt, skriv Reuters.

APTOPIX Greece Wildfires

Ein skogbrann nær tettstaden Sykorrahi, nærme Alexandroupoli, i regionen Evros. Bilete er teken 23. August.

Foto: Achilleas Chiras / AP

Den greske statsministeren Kyriakos Mitsotakis uttala tysdag at klimaendringar er årsak til både skogbrannane og ekstremvêret som herjar i landet.

Dette skjer på same dag som to klimarapportar blir sleppte.

EU si klimaovervakingsteneste la i dag fram nye tal som stadfestar at august var den varmaste augustmånaden som nokon gong er registrert globalt.

– Dei tre siste månadane var dei varmaste på omtrent 120.000 år. I praksis er det dei varmaste i menneska si historie, seier visedirektør Samantha Burgess i EU si klimaovervakingsteneste til nyheitsbyrået AFP.

En kvinne går i en oversvømt gate i Volos, Hellas etter stormen "Daniel". Kvinnen har på seg en hvit t-skjorte med rosa blomster og en sekk. Hun har på seg en svart bukse som hun drar opp for å unngå å få den våt. Vannet hun går i er brunt og rekker henne til halvveis opp på leggen.

Ei kvinne går i ei gate fylt av vatn i Volos.

Foto: AFP

World Meteorological Organization (WMO) la også i dag fram ein ny klimarapport.

Den seier at klimaendringar aukar intensiteten og frekvensen til hetebølger. Ekstremvarme, saman med skogbrannar og støv frå ørkenen påverkar luftkvalitet, helse, og miljø betydeleg.

Klar kopling

Hans Olav Hygen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt, seier han eigentleg ikkje kan seie så mykje om situasjonen i Hellas, fordi han aldri har høyrt om så mykje nedbør før.

På det verste under «Hans», kom det eit par hundre millimeter over tre til fire dagar. Her var det 600 på ti timar. Eg har rett og slett ikkje høyrt om noko slikt i Europa før. Dette er ein ny skala.

Hans Olav Kvaal Hygen

Hans Olav Hygen, forskar ved Meteorologisk institutt seier at han aldri har høyrt om slike vassmengder som treff Hellas.

Foto: Magne Velle

Hygen kommenterer funna i dei rapportane frå EU og WMO slik:

– Det har skjedd ei endring. Det har blitt betydeleg varmare og det gir utslag i ei form av ein serie med hetebølger og med tragiske utfall i form av dei store skogbrannane som vi har sett herje i delar av Europa.

Han seier det er ei klar kopling mellom ekstreme temperaturar og kraftige regnbyer.

Brannmenn og sivilt personell står i en oversvømt gate i byen Volos i Hellas. Tre av mennene har på seg gule lange regnfrakker, og en av dem står i en plastbåt. I bakgrunnen ser man en oversvømt grå bil.

Brannmenn og sivilt personale i byen Volos i Hellas.

Foto: AFP

– Når det blir varmare blir det meir fordamping, då blir det blir meir vassdamp i lufta som kan regne ned. Og vi ser også at byene har ein tendens til å bli mindre i areal, men kraftigare som ein del av klimaendringane.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.