Hopp til innhold

Krigskorrespondentens fårlege uskuld

Nuruddin Farah sine romanar fengar ikkje på grunn av sin eleganse, men fordi han får oss til å forstå at han skriv om noko viktig. Det er nok.

Nuruddin Farah

Nuruddin Farah

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Med romanen «Knokkelkors» avsluttar den somaliske forfattaren Nuruddin Farah trilogien om livet i heimlandet, sett gjennom augene på bufaste, og ikkje minst gjennom blikket til somaliarar som har vore borte frå landet i ei tid. Sjølv har Farah (f. 1945) budd utanfor heimlandet sidan 70-talet og har adresse i Michigan og i Sør-Afrika. Farah blir rekna som ein av dei viktigaste afrikanske forfattarane i sin generasjon.

Kaperfart eller sjørøveri?

Knokkelkors
Foto: Aschehoug forlag

Kvar såg du sist eit knokkelkors? Truleg på piratfilm eller på karneval i barnehagen, der sjørøvarflagget vaiar svart og frekt med to knoklar i kryss under eit kranium. Eg tvilar på om somaliske sjørøvarar brukar dette flagget når dei er ute på tokt. Farah på si side tvilar på om eg og andre vestlege lesarar har peiling på kva denne trafikken djupast sett handlar om, og tillet seg å drive folkeopplysning innanfor rammene av romanen.

Her kan vi lese at dei verken er sjørøvarar eller piratar, men kaprarar som bordar utanlandske skip etter at dei har drive rovfiske eller sleppt ut giftige kjemkal i somalisk farvatn. Etterkvart som dette viste seg å vere lukrativt, blanda naturleg nok fleire interesser seg inn i geskjeften. Dette kan gjerne vere sant. Romanen er halden i ein nøktern, nesten dokumentarisk tone med stor presisjon i detaljar som eg ikkje har nokon grunn til å tvile på.

Islamist på guterommet

Hovudpersonen i denne romanen er Malik, ein halvt somalisk journalist som kjem til landet for å skrive om krigen ein ser kome, den mellom Etiopia og Somalia som braut ut i 2006. Bror hans, Ahl, er også i landet, men i eit anna ærend: Stesonen hans har blitt islamist på guterommet i Michigan og har rømt for å sloss saman med ei islamistisk geriljagruppe som heiter al Shabaab.

Eit eksplosivt samfunn

Somalia er eit land med mykje våpen ute blant folk, med mange ulike grupperingar som har sine eigne interesser å ta vare på, med nokså uryddige statsinstitusjonar og med pengar som nødvendig smøringsmiddel for å få til noko som helst. Dei to brørne har ikkje vore lenge i landet før dei er involvert i folk dei ikkje heilt veit kven er og kva vil, men som kanskje kan hjelpe dei eller som kanskje tvert i mot bruker dei eller er ute etter å fjerne dei på den enklaste måten. Og rundt sirklar sprengingsekspertane.

Kjærleik i krigens tid

Eg nemnte at Farah har ein dokumentarisk skrivemåte. Personregisteret er stort og alle skal få sagt sitt. Romanen er rett og slett litt kantete og tung på labben. Det elegante og underforståtte er ikkje Farahs stil. Dette er likevel ein sterk roman som formidlar kunnskap, javel, men først og fremst gjev den eit levande bilde av korleis det kjennest å leve i eit samfunn der du må gå ut frå at det meste du høyrer er løgn, dei fleste du snakkar med forstiller seg, og om du er riktig uheldig har du ei kule gjennom kroppen før du har nådd å forklare deg. Korleis blir du då? Kva er du i stand til å gjere, korleis planlegg du framover? Korleis elskar du? Korleis ser du på mannen i gata? Farah frir ikkje til publikum, han ligg langt unna sentimentalitet og tåredryppande scener. Du må jobbe viss du skal kome gjennom. Det er likevel ingen tvil: Nuruddin Farah skriv viktige bøker.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP