Inviterer til mobilbruk på klassisk konsert

Mobilbruk på klassiske konsertar er sjeldan populært, men i kveld går Kringkastingsorkestret mot straumen og oppfordrar til det i sin nye konsertserie.

Miguel Harth-Bedoya og Kringkastingsorkestret

Kringkastingsorkesteret og deira nye sjefdirigent Miguel Harth-Bedoya opnar konsertsesongen i Universitetets Aula i kveld.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Når Kringkastingsorkestret sin konsertserie «Torsdags-live» har premiere på P2 i kveld, vil publikum kunne kome med innspel og spørsmål til musikarane på sms og sosiale medier, og publikum i salen får filme og dele frå konserten.

– Folk ønskjer å dele frå sine store opplevingar, og då er det naturleg at dei som er i salen skal kunne dele sine inntrykk med det norske folk, seier Ragnhild Veire, redaksjonsleiar for klassisk musikk i NRK radio.

Ragnhild Veire, kommentator

Ragnhild Veire.

Foto: Ole Kaland / NRK
Miguel Harth-Bedoya

Miguel Harth-Bedoya.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Stjernecellist Truls Mørk skal rett nok få opne kvelden som solist utan at det vert oppfordra til å hente fram dei små smarte. Etter pausen er det derimot fritt fram når Kringkastingsorkestret spelar musikk av Jimmy Lopez og Igor Stravinsky.

Kringkastingsorkestret er i kveld tilgjengeleg via sms på 1987 (kodeord KORK), på Facebook, på Twitter som @KORKtweets og på Instagram som @KORKfoto. Bruk emneknagg #torsdagslive

– Folk er veldig glad i å dele musikkopplevingar

Mobilbruk på konsert skaper sjeldan overskrifter i pop- og rocksamanheng, men i klassisk samanheng har det vist seg problematisk, ikkje minst når ringetonar overdøyver musikken.

Tidlegare i sommar gjekk den polske pianisten Krystian Zimerman av scenen i protest mot ein publikummar som filma frå konserten. Andre musikarar har reagert på at fotografering forstyrrar musikkframføringa.

Les: Stjernepianist avbrøt konsert

Ragnhild Veire understrekar at det vert gitt enkelte retningslinjer for mobilbruken, til dømes å slå av ringelyden, og er ikkje bekymra for at mobilbruken skal øydeleggje konsertopplevinga:

– Folk er blitt veldig glad i å dele, ikkje minst musikkopplevingar, så kvifor ikkje gjere det i kontrollerte former under ein klassisk konsert?

Den nye dirigenten er på plass

Konserten i Universitetets Aula er ikkje berre Kringkastingsorkestrets sesongopning, det er også innsetjingskonsert for deira nye sjefdirigent Miguel Harth-Bedoya.

– Førsteinntrykket mitt av orkesteret var at dei lytta med stor merksemd, sa Miguel Harth-Bedoya i eit TV-intervju med NRK sist vinter.

– Det er svært viktig for meg – full merksemd frå orkesteret og gode framføringar er mi beste løn som dirigent.

Sjå i nett-tv: Miguel Harth-Bedoya dirigerer Kringkastingsorkestret

Den peruanske 45-åringen er også sjef for Fort Worth symfoniorkester i Texas, og har dirigert fleire av dei beste symfoniorkestera i USA. Sist Harth-Bedoya dirigerte Kringkastingsorkestret, var under Festspillene i Bergen i mai.

Les: KORKs nye sjefdirigent debuterte i Bergen med Bull-premiere

Kringkastingsorkestrets konsert frå Universitetets Aula vert overført direkte i NRK P2 frå kl. 19.30.

Kulturstrøm

  • Trump saksøker New York Times

    President Donald Trump saksøker New York Times for med overlegg å ha publisert det han mener er falske anklager mot ham i mars i fjor, melder Reuters. Avisen skrev om påståtte forbindelser mellom presidentens valgkampteam og russiske myndigheter.

  • Fullførte sin avdøde venns film

    Sturla Brandth Grøvlen tok over den dokumentariske kunstfilmen «Last and First Men». Filmen vises i sideprogrammet Berlinale Special, under Filmfestivalen i Berlin. – For meg er det en veldig emosjonell opplevelse, sier han til Filmpolitiet.

    Sturla Brandth Grøvlen
    Foto: Jon Olav Nesvold / Jon Olav Nesvold