Hopp til innhold

KORKs nye sjefdirigent debuterte i Bergen med Bull-premiere

Miguel Harth-Bedoya, Kringkastingsorkestrets nye sjefdirigent, kombinerte nypremiere på Ole Bull-musikk med ny musikk frå heimlandet Peru i sin første konsert under Festspillene i Bergen.

Miguel Harth-Bedoya og Kringkastingsorkestret

Miguel Harth-Bedoya og Kringkastingsorkestret i Grieghallen tirsdag kveld.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Dei to første stykka under Kringkastingsorkestrets konsert i Grighallen tirsdag er svært ulike, men dei har noko til felles: Dei var nok nye for dei aller fleste av tilhøyrarane.

Det første, «América Salvaje», eller «Ville Amerika», er sterkt prega av tradisjonelle peruanske instrument. Musikken er skriven av 34-åringen Jimmy Lopez, som kjem frå dirigent Harth-Bedoyas heimby Lima i Peru og i dag bur i Finland.

Høyr konserten i NRKs nettradio: Kringkastingsorkestret i Bergen

Miguel Harth-Bedoya og Kringkastingsorkestret

Kringkastingsorkestret spelte musikk av Jimmy Lopez, Ole Bull/Wolfgang Plagge og Sergej Prokofjev under konserten i Grieghallen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Synd at Bull ikkje er betre kjent utanfor Noreg

Miguel Harth-Bedoya

Miguel Harth-Bedoya.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Størst forventingar var nok knytte til nypremieren på fiolinverket «Norges fjelde» av Ole Bull (1810–1880), som Wolfgang Plagge har rekonstruert på grunnlag av dei restane som eksisterer av musikken, i samarbeid med fiolinisten Annar Follesø.

– Det er synd at Ole Bull ikkje er betre kjent utanfor Noreg, sa Miguel Harth-Bedoya etter konserten. Han hadde ikkje høyrt om komponisten før han kom til Noreg.

– Han var truleg ein pioner som musikalsk entertainer, og musikken hans har gjort inntrykk på meg. Eg er glad for å kunne vere med på dette prosjektet, og ta musikken hans tilbake.

Måtte «ulære» all musikk etter 1840

Ole Bull skreiv «Norges fjelde» i åra rundt 1840, og som ei av tidas superstjerner framførte han det som reine noregsreklamen på sine mange turnear.

Likevel forsvann mykje av notematerialet etter kvart, og Wolfgang Plagge hadde ein snau tredjedel å byggje på under rekonstruksjonen – resten er nykomponert i Ole Bulls ånd.

– Det vanskelegaste under arbeidet var å «ulære» det eg har lært, og prøve å komponere som om eg levde rundt 1840, fortel Wolfgang Plagge.

– Eg måtte så å seie ta ut harddisken og setje inn ein ny.

Annar Follesø med Kringkastingsorkestret

Annar Follesø var solist i Ole Bulls fiolinkonsert «Norges fjelde».

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Det gjekk eit sukk gjennom forsamlinga

Det var musikkprofessor Harald Herresthal som kom over restane av «Norges fjelde» under arbeidet med sin firebinds biografi om Ole Bull.

– Det var frykteleg spennande og morosamt for meg å høyre korleis det er blitt realisert, sa Herresthal etter å ha høyrt musikken i Grieghallen.

– Eg fann nokre feilarkiverte notar i Bergen offentlege bibliotek, og forstod etter kvart at dei høyrde saman. Då eg viste dei til Wolfgang, vart han fyr og flamme – han såg med ein gong føre seg samanhengen.

Ole Bull la inn ei opning mot slutten av stykket der han kunne bake inn musikk frå staden der han spelte «Norges fjelde». I Bergen vart det naturleg nok «Jeg tok min nystemte».

– Det var ekstra morosamt at dei fekk med Bergenssongen på slutten – det gjekk eit sukk gjennom heile forsamlinga, seier Harald Herresthal.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober