Hopp til innhold

Kjem kjolen på McQueen-utstilling?

Kjendisane æra Alexander McQueen på galla i natt og no opnar ei utstilling til minne om han. Vil brudekjolen til nygifte Catherine Middleton dukke opp der?

I morgon blir «Alexander McQueen: Savage Beauty» opna på Metropolitan Museum of Art i New York. Det blir spekulert i om brudekjolen til den nybakte hertuginna av Cambridge, Catherine Middleton, kan ende opp der.

Brudekjolen er signert Sarah Burton, som tok over motehuset etter at Lee Alexander McQueen tok livet sitt i februar i fjor. Ho ville ikkje kommentere rykta under den årlege Met-gallaen i natt, også den til ære for designaren.

Alexander McQueen

Kjole frå utstillinga Alexander McQueen: Savage Beauty.

Foto: The Metropolitan Museum of Art

Det britiske kongehuset kom med denne meldinga nyleg:

«Hertuginna av Cambridge vurderer korleis ho skal gje publikum moglegheit til å sjå kjolen på nært hald.»

Ingen brudekjole i natt

«Alexander McQueen: Savage Beauty» tar for seg den 19 år lange karriera til McQueen. Under gallamiddagen i natt fekk kjendisar som Madonna, Gwyneth Paltrow og Salma Hayek ta ein sniktitt på den.

Då var det ingen brudekjole på utstilling, så spørsmålet er om den vil vere inkludert når utstillinga opnar i morgon.

Kjendisar kledd i McQueen
Alexander McQueen

Lady Gaga kler seg ofte i McQueen, og har blant anna gått i desse skoa.

Foto: The Metropolitan Museum of Art

Colin Firth, Vogue-redaktør Anna Wintour og designar Stella McCartney var vertar for gallamiddagen.

  • Sjå antrekka til kjendisane i bildegalleriet over!

Sarah Burton var kledd i eigen design, og også fleire av gallagjestane var kledd i McQueen, mellom anna supermodell Gisele Bündchen og Sarah Jessica Parker. Parker kom til gallaen i 2006 saman med McQueen, kledd i hans spesielle design.

Også Madonna var til stade. Ho var god ven med designaren før han døydde.

– Eg saknar han frykteleg. Ikkje berre som designar, men som menneske. Eg synest bransjen er litt kjedelegare utan han og eg elska hans punk rock-haldning. Han var ein fantastisk designar og eg håpar han har det gøy der han er no, sa Madonna, ifølgje Huffington Post.

Sjokkerte med kolleksjon

Alexander McQueen

Alexander McQueen kunne sjokkere med kleda sine, men lagde også fantastisk vakre kreasjonar, som denne.

Foto: The Metropolitan Museum of Art

Lee Alexander McQueen starta som skreddar på Saville Row i London og jobba for Givenchy ved sidan av sitt eige merke. Han var kjent som ein «badboy» i moteverda, og sjokkerte ofte med kolleksjonane sine. I 1992 gjekk han ut frå prestisjeskulen Central Saint Martins med avgangskolleksjonen «Jack the Ripper Stalks his Victims».

I 1995 skapte catwalkshowet hans, «Highland Rape», furore under moteveka i London. Slitne modellar med blåmerker gjekk nedover catwalken i opprivne klede. Det var McQueen sin måte å kommentere det han kalla «britiske myndigheiter si valdtekt av det skotske Highland».

Seinare skulle han bli hylla av moteverda for sin innovative design og kreative tenkjemåte. Utstillinga på The Metropolitan Museum of Art viser klede frå oppstarten og fram til i dag.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.