Hopp til innhold

Kiss klare for Norge

Etter å ha turnert USA i haust, står no Europa for tur. Søndag 7. mai står dei på scenen i Oslo spektrum.

MEXICO-ENTERTAINMENT-MUSIC-KISS

Kiss, med Paul Stanley og Gene Simmons i spissen, er klare for Norge i mai neste år.

Foto: JULIO CESAR AGUILAR / Afp

Kiss er eitt av dei ikoniske rockebanda, og er no inne i sitt femte tiår som band. Og ifølge heimesida til gruppa, er dei det bandet i USA som har vunne flest gullplater gjennom tidene.

I sommar har dei turnert i USA, og i mai er dei altså tilbake i Europa for første gong sidan 2015. Og 7. mai er det norske fans som kan glede seg til hits som «I Was Made For Loving You», «Hotter Than Hell» og «Rock and Roll All Nite».

Grunnleggarane framleis med

Kiss blei starta i New York tidleg på 1970-talet av vokalist Paul Stanley og bassist Gene Simmons. I tillegg var Peter Criss på trommer og gitarist Ace Frehley med i starten. Men på turneen neste år er det berre Stanley og Simmons som er dei einaste originalmedlemmane som er igjen.

Bandet blei lagt merke til på grunn av sminka dei brukte, og skaffa seg også raskt eit rykte som liveband med spektakulære sceneshow. Og har også spelt i Norge fleire gongar tidlegare. Sidan starten har dei gjeve ut 44 album, som har seld i meir enn 100 millionar eksemplar på verdsbasis.

Merkevarebygging

Kiss har også tent mykje pengar på å bygge opp bandet som merkevare. I tillegg til sal av musikk og bandeffektar, har dei medverka i filmar, tv-seriar og i reklamekampanjar for blant anna Google Play, Hello Kitty og Dr. Pepper.

Og i november neste år, er det klart for det sjuande Kiss Kruise, som er eit seks dagar langt cruise i Karibia der fans i Kiss Army reiser på tur med bandet.

Kiss har også inspirert fleire norske musikarar. I 2004 gjekk fleire av desse saman og laga ei supergruppe dei kalla Black Diamond Brigade for å hylle Kiss med ein coverversjon av «Black Diamond» frå 1974.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters