Hopp til innhold

– Eg trur dei andre såg på meg som litt gal

MALLORCA (NRK): Karina Hollekim trur resten av «Mesternes Mester»-gjengen oppfatta henne som litt småsprø. Det tar ho uansett som eit stort kompliment.

karina Hollekim

SOSIALT I «MESTERNES MESTER»-HUSET: Karina Hollekim i samtale med Tom Hilde og Ole Martin Årst under opptak til den tiande sesongen av «Mesternes Mester».

Foto: arne sørenes / nrk

Den tidlegare fristilkøyraren og basehopparen har imponert som deltakar i «Mesternes Mester» på NRK..

– Eg har jo sånn Pippi-mentalietet og tenkjer at «Oi, det har eg ikkje prøvd før! Det kan bli gøy, det kan eg sikkert få til!» Og det trur eg er ei nyttig innstilling å ha.

Det var også tanken då Karina Hollekim blei spurt om å vere med i «Mestenes Mester». Motivasjonen var rett og slett å vise folk kva det er mogleg å få til med ein god porsjon vilje, trass alle odds.

For 42-åringen, som var den fyrste kvinna i verda som hoppa base med ski på beina, vart så hardt skadd i ei fallskjermulykke i august 2006, at legane trudde at ho aldri kom til å kunne gå igjen.

20 operasjonar seinare har ho kjempa seg tilbake. Vinteren 2010 stod ho på ski for første gong etter ulykka, og i år kom ho altså heilt til det sjette programmet av «Mesternes Mester», før ho vart slått ut.

– Det hadde eg aldri trudd. Eg rekna med at eg måtte ut i alt i første program. Men slik gjekk det jo ikkje.

Les meir om Karina si historie her

Nye idrettar i jubileumssesongen

Tidlegare meisterar frå idrettar som langrenn, skiskyting, fotball, handball, friidrett og skihopp er tradisjonen tru med i den tiande utgåva av «Mesternes Mester». Men i jubileumssesongen har basehopparen Hollekim, saman med cheerleadingutøvaren Kine Vedelden Olsen og motorsyklisten Pål Anders Ullevålseter, utfordra dei meir tradisjonelle idrettsutøvarane.

Mesternes mester 2019

ENDUROMANNEN: Pål Anders Ullevålseter er verdsmeister i ørkenrally, og den første nordmann til å gjennomføre rallyløpet Paris-Dakar på motorsykkel.

Foto: Toke Riskjær / Rubicon TV/NRK

– Eg trur både Pål Anders, Kine og eg har blitt sett på som litt gærne. Men det å vere litt gæren tar eg som eit kompliment. For det betyr at vi har hatt det mykje gøy.

Karina Hollekim fortel at både ho og dei to andre er blitt møtt med respekt av dei andre deltakarane:

– Eg trur dei tenkjer at vi er fryktlause, eller har enormt med viljestyrke. Det er i allefall den typen ord dei har brukt, med positive forteikn. Og det er jo ein innstilling ein kan ha til resten av livet også.

Først og fremst er Hollekim oppteken av at det er fleire likskapar enn ulikskapar mellom alle deltakarane i «Mesternes Mester». Alle har dei jobba mot store mål; kjent på dei same forventningane og det same presset. Det førte til eit stort og inkluderande felleskap inne i huset:

– Vi har ledd og vi har grått, vi har tøysa og tulla og snakka om dei store tinga i livet. Vi har delt veldig mykje, og folk har verkeleg bydd på seg sjølv. Dette har vore ei stor oppleving som eg tar med meg for resten av livet.

Kine Olsen Vedelden og Karina Hollekim

KINE OG KARINA: Kine Olsen Vedelden var stor fan av Karina Hollekim då dei møttest under «Mesternes Mester». Kine er verdsmeister i cheerleading.

Foto: arne sørenes / nrk

Tom Hilde vart for sterk i nattesten

I den sjette episoden av Mesternes Mester var lagånd temaet. Der kom Karina Hollekim heilt nederst på resultatlista, og ho valde tidlegare skihoppar Tom Hilde som konkurrent i den avgjerande nattesten. Hilde låg nest sist, men då alt skulle avgjerast var det han som var kjappast. Dermed måtte Hollekim forlate «Mesternes Mester».

Karina Hollekim

KLAR FOR OPPTAK: Karina Hollekim festar mikrofonen før nye opptak til den populære NRK-serien på Mallorca sist sommar. Som ein av ti tidlegare toppidrettsutøvarar kjempa ho om å få kalle seg «Mesternes Mester».

Foto: arne sørenes / nrk

– Det å ryke ut av ein konkurranse er alltid kjipt. Ein vil jo gjerne bli med lenger. Så eg syntes det var veldig surt. Men samstundes så var eg utruleg stolt, og veldig nøgd med å ha komme så langt som eg kom.

Og då ho møtte dei andre utslåtte deltakarene på hotellet i feriebyen Port de Polleca vart nederlaget fort gløymd:

– Då la eg bort skuffelsen over tapet, og så kom godkjensla tilbake.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.