Hopp til innhold

Kammerorkester på ungdomsklubbturné

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det unge kammerorkesteret Ensemble Allegria er lei av å vente på at konserthusa skal bli nedrende av tenåringar, og har lagt ut på ungdomsklubbturné. – Heilt vidunderleg, sa Alban (17) etter konserten på Ammerud.

Denne veka vitjar Ensemble Allegria ungdomsklubbar i Oslo med musikk av Antonio Vivaldi, Dmitri Sjostakovitsj og andre klassiske komponistar, med fiolinisten Sara Övinge som solist.

– Herlig, ass! er første respons frå Alban (17), ein av om lag 35 ungdomar i alderen 13 til 18 år som brukte laurdagskvelden på Ammerud Aktivitetssenter. Han høyrer vanlegvis mest på hiphop, men fann andre ting å glede seg over denne kvelden:

– Denne musikken fortel liksom ei historie, eller fleire historier. Dei snakka om ein bekk – eg førestilte meg at eg var på fjellet. Eg kom skikkeleg inn i musikken, eg var heilt borte. Dette var heilt vidunderleg for meg – kjem dei hit igjen, kjem definitivt eg også.

Les: Blandar Mozart og Michael Jackson

Ønskjer å gi musikken nye rammer

Musikarane i orkesteret er i alderen 19-27 år, og ensemblet har sitt utspring i miljøet rundt Barratt Due Musikkinstitutt og Norges Musikkhøgskole i Oslo. Dei har heldt konsertar både under Festspillene i Bergen og Ultima-festivalen, men no går dei nye vegar for å gjere musikken sin tilgjengeleg.

– Vi ønskjer å nå ungdommane der dei er, og bryte nokre rammer, sa fiolinist og bratsjist Emilie Heldal Lidsheim i Ensemble Allegria før konserten.

– Klassisk musikk har ofte konserthuset eller operaen som ramme, fine store lokaler. Vi har lyst til å flytte den til ungdomsklubbar, spele klassisk musikk i deira rammer, og vonleg gjere musikken meir tilgjengeleg.

Ensemble Allegria

Ensemble Allegria under prøvene til konserten på Ammerud Aktivitetsenter.

Foto: Andreas Johnson / NRK

– Vi kan ikkje berre følgje gamle konvensjonar

Dei uvante omgivnadane krevjer andre ting av musikarane enn ein vanleg konsert, meiner Emilie Heldal Lidsheim:

– Vi må vere meir bevisste på korleis vi kommuniserer, vi kan ikkje berre følgje gamle konvensjonar om korleis ein ter seg på ein scene. Vi må tenkje nytt og spørje oss sjølve: korleis ønskjer vi å kommunisere musikken som vi likar å spele og drive med?

Ensemblet arbeider målbevisst for å tilpasse repertoaret og sceneuttrykket til publikum:

– Vi har valt ut eit nokså rått og energisk repertoar med rocka, kul musikk som vi trur passar til publikum, seier Lidsheim.

– Vi samarbeider også med ein instruktør som jobbar koreografisk med uttrykket vårt – vi vil uttrykkje noko ein kan sjå, som kan fange publikum og gjere konserten ekstra spennande, seier Maria Angelika Carlsen, ensemblet sin kunstnariske leiar.

Ensemble Allegria har vitja ungdomsklubbar på Hammersborg og Ammerud, og speler på Trosterud mandag kveld, før dei avsluttar med open konsert i Lindemansalen ved Musikkhøgskolen tirsdag kl 13.

Les: – Berre centimeter til skarpe kantar

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters