– I Valdres kallar vi det «å mala snus» – hallingdansarane gjorde det for hundre år sidan og tok det med til USA, der dei kallar det headspin, sa Hansegård om det mest dristige innslaget i dansekonserten.
Hansegård er van med å danse nært innpå folk, men ikkje på eit kontor:
– Det var morosamt, og sikkert uvant både for dei som jobbar her og for oss – det skapte ein god energi i rommet.
– Det blir dessverre ein del kontorarbeid
Hansegård måtte rekoreografere stykka til kontorkonserten for å tilpasse dei lokalet:
– Dei mange framandelementa i rommet skapte litt ekstra spenning, seier han.
– På ein teaterscene har ein god plass og kan slengje kroppen ganske fritt, her inne var det berre nokre centimeter frå tær og hovud til skarpe kantar.
Hansegård, som grunnla dansekompaniet Frikar i 2006, er på ingen måte framand for kontorarbeid sjølv:
– Det blir dessverre ein del kontorarbeid, sjølv om vi ønskjer å danse mest mogleg. I vinter skal Frikar til dømes samarbeide med kinesiske kung-fu-munkar, og då blir det masse byråkrati å ta seg av.
– Vi sit med tunge tal og lange rekkjer dagen lang
Då NRK i september bad kontoristar i Oslo-området om å invitere Hemsing og Hansegård til å halde konsert på arbeidsplassen sin, med Lasse Thoresens stykke «Yr» sentralt på programmet, var Zeljka Vuckovic ved Meterologisk institutt sin klimadivisjon raskt ute:
– Yr. Kvar elles enn på Meteorologisk institutt? spurde ho retorisk i påmeldinga. Og ho la til:
– Vi sit med tunge tal og lange rekkjer dagen lang, så det ville vore morosamt å få eit lite avbrekk.
Kom med debut-cd i september
Ragnhild Hemsing speler både folkemusikk og klassisk musikk, ofte i lag med søstra Eldbjørg. Den første solo-cd-en hennar, med tittelen «Yr», kom ut i september. Der speler ho mellom anna ein av Edvard Griegs sonater for fiolin og folkemusikk frå Valdres for hardingfele.
Sjå i nett-tv: Ragnhild Hemsing gir ut cd
Hallgrim Hansegård har hausta mykje merksemd for arbeidet sitt i skjeringspunktet mellom folkedans, samtidsdans og akrobatikk. Dansekompaniet Frikar vart «allemannseige» då tre av medlemene dansa Alexander Rybak fram til siger i Melodi Grand Prix våren 2009.
Les:
Les:
Kontorkonserten med Hemsing og Hansegård var den tredje NRK arrangerte denne hausten, i samarbeid med MIC Norsk Musikkinformasjon. Du kan sjå alle konsertane i serien ved å gå inn på lenkene i høgrespalten.