Hopp til innhold

Jaktar på tjuvfiskaren

Onsdag 1. oktober startar hummarsesongen, men dessverre har jakta på den sjeldne delikatessen vore i gang alt i fleire månader - på ulovleg vis.

Hummer
Foto: Flødevigen forskningsstasjon

Men tjuvfiskaren skal ikkje føle seg trygg - for både Kystvakta og naboen er på krigsstien.

Høyr radioreportasjen her: Jakta på tjuvfiskaren

90 ulovlege teiner

- Heilt Texas! Seier Roger Hoel på KV ”Tor”. Skipssjefen i Kystvakta drog opp 90 ulovlege hummerteiner på nokre få timar fredag og laurdag.

- Mange er for tidleg ute og tek hummer lenge før sesongen startar, nokon så tidleg som midt på sommaren, seier Hoel.

Problemet er det same langs heile kysten i Sør-Norge. Og det skjer i slikt eit omfang at Roger Hoel trur mange tjuvfiskarar sel fangsten til restaurantar. Slikt er blitt avdekka før.

Naboen passar på

- Det er veldig trist at reglane ikke blir respekterte, det er jo ein grunn til at regelverket finst. Det seier ei bekymra Ann-Lisbeth Agnalt ved Havforskningsinstituttet.

Frå å vere ei stor inntektskjelde for Norge sidan 1600-talet er hummaren no havna på raudlista over norske artar som står i fare for å døy ut.

Agnalt trøstar seg med at lokale fiskarar er kjappe med å spørje henne ut når ho trekkjer opp hummar for å merke dei utanom fangstsesongen.

- Dei kjem om bord i båten, tek ein prat, og spør kva me driv på med. Dei er redde for at folk tek seg til rette, og passar på at ingen tek hummer før 1. oktober.

Ønsker tips

Roger Hoel i Kystvakta trur - og håpar tjuvfisket er på veg ned. Han har inntrykk av at fleire bryr seg no enn tidlegare:

- Når me er ute på kontrollar og snakkar med folk får me mykje positiv respons, og mange meiner det burde vore fleire kontrollar.

Veit du om nokon som tjuvfiskar?

Tips Naturvernforbundet , så får Kystvakta beskjed.

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.