Hopp til innhold

Internasjonal interesse for skjør La Bohème-oppsetjing

Operaens nye versjon av La Bohème vekkjer interesse hos internasjonale operahus, men kulisser og kostymer stiller strenge krav: – Vår Bohème må behandlast svært forsiktig, seier fungerande operasjef Anne Gjevang.

La Bohème 2012 La Bohème

Frå den nye oppsetjinga – her prega av «gamle» kostymer og kulisser frå Youngstorget-tida.

Foto: Erik Berg

Anne Gjevang

Anne Gjevang.

Foto: Erik Berg / DNO&B

Eit av dei sentrale grepa frå operaregissør Stefan Herheim er å kombinere element frå Operaens gamle oppsetjing av La Bohème med nye kostymer og kulisser frå eit sjukehusmiljø.

Oppsetjinga frå Youngstorget-tida hadde premiere i 1963, og var i bruk heilt fram til 2007. Dette skaper utfordringar for dei som vil setje opp operaen i utlandet, fortel fungerande operasjef og Casting Director Anne Gjevang i Operaen:

– Vår Bohème er, fordi den er basert på våre eigne gamle kostymer og kulisser, svært skjør, seier Gjevang til NRK.no.

– Den vil måtte behandlast svært forsiktig dersom den skal fraktast. Sjølv når produksjonen står her hos oss, krevjer den konstant vedlikehald.

– En målerisk produktion i världsklass

Frå premieren 20. januar til siste framsyning sist helg, var 22 984 publikummarar i Operaen for å sjå den nye oppsetjinga av Giacomo Puccinis opera frå 1896, noko som inneber fulle hus kveld etter kveld.

Operaens nye oppsetjing fekk ei varm mottaking hos norske kritikarar, NRKs Ragnhild Veire kalla den til dømes sensasjonell, og skreiv at operahus kjem til å stå i kø for den. Svenske Dagens Nyheter omtala den som «en målerisk produktion i världsklass».

Den tyske avisa Frankfurter Allgemeine Zeitung, som tidlegare har omtala regissør Stefan Herheim som ein «befriar» innan operakunsten, brukar mest plass på Herheims nyskapande regi som dei meiner «openberrar ein ny Puccini», men rosar også songarane og dirigent Eivind Gullberg Jensen, og vil gjerne sjå både dei og oppsetjinga lenger mot sør.

La Bohème 2012 La Bohème

Frå La Bohème ved Den Norske Opera & Ballett, i den «moderne» delen av oppsetjinga.

Foto: Erik Berg

– Førebels berre aktuelt med utleige

Ei operaoppsetjing kan produserast som eit samarbeid mellom to eller fleire operahus, eller den kan seljast vidare eller leigast ut frå eit operahus til eit anna. Den nye La Bohème er ein rein Oslo-produksjon, og dei som fryktar at toget er gått for å sjå operaen i Oslo, kan puste letta ut:

– Vi ønskjer å behalde produksjonen Bohème på vårt repertoar, så i dette tilfellet vil det førebels berre kunne verte snakk om utleige, seier Anne Gjevang.

Utleigeprisen for ei enkelt framsyning kan ifølgje Gjevang ligge på mellom 11 000 og 15 000 euro, altså mellom 80 000 og 110 000 norske kroner, og det blir gjerne fleire framsyningar når eit operahus bestemmer seg for å setje opp ein opera utanfrå.

– Det er viktig for Operaen sitt renommé at våre produksjonar er attraktive for andre operahus. Finansielt hjelper det også litt, seier Gjevang.

– Mange har uttrykt begeistring

Så langt er ingen avtalar inngått, men det bekymrar ikkje fungerande operasjef Gjevang:

– Planleggingshorisonten i operaverda er svært lang, gjerne tre til fem år, seier Anne Gjevang.

– Så det ville ikkje vere realistisk å forvente avtalar om utleige eller sal så tidleg. Då vår produksjon Rusalka vart leigd ut til Tokyo nasjonalopera sist haust, var det til dømes meir enn to år sidan den vart vist i Oslo. Men mange har sett Bohème og uttrykt begeistring.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP