Hopp til innhold

Ikkje auka kulturkonsum

Fleire kulturaktørar trudde finanskrisa ville få folk å strøyme til kulturtilboda. No syner ei ny undersøking at dette ikkje stemmer.

Datarock på Øya

Datarock på Øyafestivalen 2009.

Foto: Tom Ivar Øverlie / NRK

Då finanskrisa slo inn hausten 2008 venta mange kulturaktørar at forbruket av kulturarrangement ville auke.

Dette baserte seg på at ein etter det store børskrakket 1929, utover i dei økonomisk vanskelege 1930-åra såg at folk deltok på fleire kulturaktivitetar som konsertar, kino og teater enn i økonomiske oppgangstider.

Men no viser undersøkinga Kulturkonsum i krisetider frå Handelshøyskolen BI, utført i perioden november 2008 til juni 2009 at kulturkonsumet ikkje har auka. Undersøkinga syner at tala for kulturforbruk er ganske stabile i forhold til juni-november 2008.

- Dei dårlege nyhenda er at kulturkonsumet ikkje går opp. Dei gode nyhenda er at det heller ikkje går ned, seier professor og prosjektleiar ved Handelshøgskolen BI, Anne-Britt Gran.

Nedgang for kino

Scenetilbod som teater, konsertar, opera, stand up går publikum på like ofte som før. Like mange som før går på kino, om lag 65 prosent. Men dei som går på kino går ikkje like ofte på kino som tidlegare, gjennomsnittleg tal på kinobesøk går nemleg ned frå 4,3 til 3,8 gonger.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Trass i den store kinosuksessen Max Manus, gjekk folk mindre på kino våren 2009, samanlikna med hausten 2008.

Foto: Foto/Copyright: Filmkameratene AS

Auka DVD-sal blant unge

Totalsalet av CD-ar, DVD-ar og bøker har heller ikkje endra seg. Men blant bokkjøparar under 30 år syner det seg at dei kjøper færre bøker enn tidlegare, frå 9,7 til 6,3. Salet av DVD-ar i aldersgruppa 15-29 år har auka frå 5,1 til 6,6.

Anne Britt Gran

Professor Anne-Britt Gran ved Handelshøyskolen BI, har leidd arbeidet med undersøkinga 'Kulturkonsum i Krisetider'.

Foto: annebrittgran.com

Som hausten 2008 har om lag 17 prosent av innbyggjarane i Noreg har kjøpt kunstverk, men undersøkinga seier ikkje noko om prisane på kunsten.

Slår hòl på myten

Då dei tok til med forskinga førre haust, visste dei ikkje noko om korleis finanskrisa ville slå ut for kulturlivet.

- Det er tydeleg at det er heilt andre ting som styrer kulturkonsumet enn den akutte finanskrisa, seier Gran til NRK.

Anne-Britt Gran var blant dei som ikkje trudde på nokon særleg auke i bruken av kulturtilbodet, men ho er likevel overraska over at det har halde seg så stabilt.

Skilnaden på den teknologiske utviklinga, kan vere ei av årsakene til at ein i dag ikkje ser den same tendensen som på 1930-talet, trur Gran. I 1930-åra gjekk til dømes kinobesøket opp, medan det i dag går ned.

- På 1930-talet hadde dei trass alt ikkje tv og internett. I dag ein kan vere storkonsument av kultur utan å gå ut av stova si, seier Gran.

Digitalt kulturkonsum utanom

Undersøkinga skil mellom kjøp av fysiske produkt, og nedlasting og streaming av musikk.

- Vi konstaterer at det analoge forbuket er relativet stabilt etter finanskrisa og at det digitale konsumet aukar, men vi kan ikkje direkte knyte denne auken til finanskrisa, seier professor og prosjektleiar ved Handelshøgskolen BI, Anne-Britt Gran i ei pressemelding.

Funna for bruken av digital kultur vil verte offentleggjorte seinare i november.

  • Kvifor trur du folk går mindre på kino enn før finanskrisa?

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.