Norge Rundt-fotograf Kristin Helgeland Hauge på scena saman med ein Tom Jones-kloning.
Denne veka er Norge Rundt på karaoke på Zachariasbryggen i Bergen.
- Syng du på badet kan du også synge karaoke, seier Svein Skredderstuen i Bergen. Han er stamgjest på Zachen og veit kva han snakkar om.
- Det er ikkje viktig å vera flink, berre å ha det gøy, slår han fast.
Skummelt, skummelt
Programleiaren i Norge Rundt, Øystein Skotte, innrømmer at han syng på badet. Han syng gjerne elles og, men han synest det er skummelt å skulle stå på ei scene framfor eit hundretals elleville publikumarar for å synge. På opptaksdagen fekk han dessutan god tid til å grue seg, medan andre sang.
Svein Skredderstuen.
- Då det omsider vart min tur og eg gjekk på scena for å synge, hadde eg mest lyst til å gøyma meg. Dei andre var jo så flinke, seier Øystein.
- Men så kom eg i gang med sangen og oppdaga at det var kjempemoro. Då kunne eg sikkert ha tatt ein sang til i same slengen.
Høg stemning
Karaoke er eit japansk uttrykk som betyr noko slikt som ”tomt orkester”. Historia seier at det heile starta i byen Kobe tidleg på 70-talet, men i dag er karaoke spreidd over heile verda. Og når ein snakkar med folk om det så er det nesten ingen som ikkje har prøvd seg på karaoke ein eller annan gong.
Stemninga på karaoke-baren i Bergen blir etterkvart veldig høg, og stadig nye folk vågar seg utpå. Det blir både balladar og rock’n’roll, på engelsk og norsk. Og ikkje alle syng som Kurt Nilsen, for å seia det slik…
Norge Rundt på NRK1, fredag 16. januar klokka 19.30.