Oppdatering torsdag 04.01.24 kl. 17:
Denne avstemminga er nå avslutta. Ny avstemming blir opna fredag kl. 08 med dei seks utøvarane som har fått flest stemmer og som dermed er vidare til finalerunden.
Laurdag 6. januar skal Idrettsgallaen feire det norske sportsåret og hylle heltane i og bak idretten.
Ein av prisane som blir delt ut er prisen «Årets namn». Dette er ein pris der du som publikum stemmer fram vinnaren!
I år er det 18 utøvarar som er nominert til «Årets namn».
Kven meiner du fortener å få heider og ære? Stem på din favoritt her.
Grace Bullen, bryting
- Tok bronsemedalje under bryte-VM i Beograd og kvalifiserte seg til OL i Paris 2024.
- Tok også sølv i Europameisterskapet i Zagreb.
Johannes Thingnes Bø, skiskyting
- Vann medalje på alle sju VM-øvingane, og tok fem VM-gull.
- Vann verdscupen samanlagt med 16 individuelle sigrar.
Halvor Egner Granerud, skihopp
- Vann verdscupen samanlagt.
- Gjekk også til topps i Hoppuka med siger i tre av fire renn.
- Egner Granerud vart den fyrste norske samanlagtvinnaren av Raw Air.
Erling Braut Haaland, fotball
- Haaland og City oppnådde «The Treble» der dei altså vann UEFA Champions League, Premier League og FA-cupen.
- Jærbuen sette ny scoringsrekord i Premier League og vart kåra til årets spiss under Gullballen.
- BBC kåra han til årets idrettsutøvar i verda.
Jeanette Hegg Duestad, skyting
- Rangert som verdas beste skyttar på OL-øvinga 50 meter match.
- Vart historisk da ho vann tre av tre moglege EM-gull på 10 meter luftrifle.
- Tok eitt gull, to sølv og ein bronse i lagkonkurransar i VM.
Viktor Hovland, golf
- Gjekk heilt til topps i The Tour Championship, og kunne med det titulere seg sesongens beste spelar.
- Hovland var også sentral på laget som vann Ryder Cup.
Jakob Ingebrigtsen, friidrett
- Vann VM-gull på 5000 meter og VM-sølv på 1500 meter i Budapest.
- Han tok to gull i EM innandørs og sette verdsrekordar på 2000 meter og to engelske mil. Det vart også Europa-rekordar på 1500 meter og 3000 meter.
Salum Kashafali, friidrett
- Salum Kashafali sette under Bislett Games ny verdsrekord med 10.37 i klasse T13.
- Seinare på sommaren vann han VM-gull i Paris.
Johannes Høsflot Klæbo, langrenn
- Klæbo vann VM-gull på den klassiske sprinten, lagsprinten i fristil og på stafetten.
- Han tok VM-sølv på femmila og 30 km duathlon.
- I verdscupen vann han 19 individuelle renn og gjekk til topps i Tour de Ski, sprintcupen og verdscupen samanlagt.
Solfrid Koanda, vektløfting
- Koanda har på få år vorte eit stjerneskot innan internasjonal vektløfting.
- Tok eit suverent VM-gull i støyt for andre gang, heile 18 kilo framfor nærmaste konkurrent.
Maren Lundby, skihopp
- Lundby slo tilbake etter eit krevjande år der kroppen ikkje spelte på lag, og vann VM-sølv i storbakken i Planica.
- Tok også VM-bronse i lagkonkurransen.
- Lundby la opp som utøvar i desember etter 16 år i toppen.
Jesper Saltvik Pedersen, alpint
- Pedersen tok fem medaljar under VM i Espot, Spania.
- Han starta meisterskapet med bronse i super-G, så følgde fire gull – i superkombinasjonen, utfor, storslalåm og slalåm.
Jarl Magnus Riiber, kombinert
- Riiber har blitt Noregs nye kombinertkonge.
- Han gjekk til topps i alle fire konkurransane i VM og vann gull i normalbakken, gull i mikskonkurransen, gull i lagkonkurransen og gull i stor bakke.
Birgit Skarstein, roing
- Skarstein tok i 2023 nok ein gong VM-gull, og tok med det sin sjette VM-tittel.
- Ho tok også gull i EM, vann verdscupen og satte i løpet av sesongen verdsrekord på olympisk distanse 2000 meter.
Handballjentene, handball
- Nok ein gong vart det medalje på Handballjentene i VM, denne gongen sølv etter at Frankrike vann 31–28 i finalen.
- VM-sølvet var Noregs femtande medalje under Thorir Hergeirssons leiing.
Karsten Warholm, friidrett
- Warholm tok VM-gullet på 400 m hekk, på tida 46.89. Han leverte også si nest beste tid nokon gong, med 46.51 i Monaco.
- Warholm vart også Europameister på 400 meter flatt innandørs i Istanbul.
Ragne Wiklund, skøyter
- Wiklund vann VM-gull på 3000 meter i Heerenveen. I tillegg vart det sølv på både 1500 meter og 5000 meter.
- Wiklund tok også fem sigrar i verdscupen og vann langdistansecupen samanlagt.
Martin Ødegaard, fotball
- Ødegaard har tatt steg som kaptein, både for Arsenal og landslaget.
- The Gunners leia ligaen lenge, og enda til slutt opp som nummer to, bak Manchester City.
- Ødegaard kom også på årets lag i Premier League, valt av spelarane sjølve.
Dei seks utøvarane med flest stemmer går vidare til finalerunden der det blir opna opp for ny avstemming fredag kl. 08:00.
Vinnaren blir kåra under Idrettsgallaen 6. januar.
Du kan stemme berre ein gong per runde.