Hopp til innhold

Med rumpa bar i Berlin for norsk film

Fem menn med rumpa bar og tursekk på ryggen sprang rundt i Berlin i dag for å promotere den norske filmen "Mot naturen". – Førte til stor pressemerksemd, latter, plystring og tilrop fortel reporter.

Fem menn skapte stor oppsikt i Berlin da de løp nakne for å promotere den norske filmen «Mot naturen».

OPPSIKT: Desse fem herremennen vakte stor oppsikt under Den internasjonale filmfestivalen i Berlin. Sjå stuntet og intervju med regissør Ole Giæver her.

– Det var veldig mange pressefotografar som fekk med seg dette og det blei tatt veldig mange bilde av dei, fortel NRK sin reporter i Berlin Helga Tunheim.

Blanke messingen

Nakenstuntet skjedde i ettermiddag i samband med at «Mot naturen» blir vist på Den internasjonale filmfestivalen i Berlin. Det er Ole Giæver som er både regissør og hovudperson i spelefilmen.

– Det såg ut som folk sette pris på litt nakenløping midt oppe i all denne festivitasen, fortel han til NRK.

I nokre scener i filmen så spring hovudkarakteren rundt med rumpa bar i skogen, noko som er forklaringa bak opptrinnet i Berlin. Det er altså ein halvnaken Ole Giæver i all sin prakt som prydar reklameplakaten til filmen.

Mot naturen
Foto: Mer film AS

Utvald film

«Mot Naturen» er tatt ut til Panorama-programmet i Berlin. Det betyr at det er festivalen som har valt ut filmen for å presentere den til publikum og journalistane.

Dette er noko som kan betyr mykje for ein film ettersom festivalen i Berlin er den mest besøkte filmfestivalen i verda. Produksjonsselskapet Mer film og regissør Ole Giæver greide i alle fall å skaffe seg rikeleg med merksemd i Berlin i ettermiddag:

– Den plakaten har blitt eit aldri så lite blikkfang og ambassadør for filmen. Så då kom ideeom å gjere eit stunt ut av dette, fortel regissøren.

Produsent med slagord

SLAGORD: Produsent Maria Ekerhovd frå Mer film AS med plakatar med sitat frå filmen i gatene i Berlin under stuntet.

Foto: Helga Tunheim/NRK

Politifolk kom til

Reporter Helga Tunheim fortel at det kom fleire politifolk til, men at det endte med at dei berre lo av det heile og gjekk sin veg:

– Dei var ikkje heilt sikre på korleis dei skulle reagere, men det endte med smil og latter av stuntet, fortel reporter Tunheim.

Les også: Mot naturen tatt ut til Berlin

Les også: – Ikkje sjølvbiografisk film

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.