NRK Meny
Normal

På den kinesiske catwalken

HONG KONG (NRK.no): Vi utforska Asias komande motehovudstad. Og endte opp på visning med Thierry Mugler og sjefsdesignar Nicola Formichetti - motehuset Lady Gaga trykkjer til sitt bryst.

Nicola Formichetti

Nicola Formichetti, sjefsdesignar i Thierry Mugler.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Det er torsdag kveld i storbyen Hong Kong. Vi er inne på ein tradisjonell kinesisk marknad, rett ved hamna i Asias store sjøfartsby. Gradestokken er passert 30 grader og det er mørkt.

Men det som er å finne inne på marknaden denne dagen, er langt frå tradisjonelt. I Western Market, der det tidlegare på dagen er blitt selt fisk og grønsaker, har heile byens moteelite samla seg.

Ulovlege haifinnar og levande krabbar er bytt ut med high fashion, kanapear og sjampanje når det franske motehuset Thierry Mugler har visning.

Viktig luksusmarknad

Thierry Mugler

Thierry Mugler.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Det store kvadratiske rommet er fylt til randen med den same merkelappen: Mugler, Mugler, Mugler. På DJ-boksen, i trappa, på scena. Til og med sjefsdesignar Nicola Formichetti, den unge italienske designaren som Lady Gaga er kjempefan av, er flygd over frå Europa. Popstjerna har vore modell for merket og spesiallaga musikk til visningane.

Og kleda som blir vist på catwalken står akkurat til hennar stil: Fetisjistiske, kroppsnære plagg i PVC, lakk og lær, med innslag av gjennomsiktige panel, skyhøge platåsko og sexy, skulpturelle former.

Veka før har både Marc Jacobs og Gucci vist sine kolleksjonar i Hong Kong, og veka etter er det Yves Saint Laurents tur. Eit bevis på kor viktig den asiatiske marknaden har blitt for dei store luksusmotehusa.

McQueen, McCartney, Mugler...

Bloggarar, stylistar, innkjøparar, presse, designarar og modellar; dei fleste stiller velvillig opp for å la seg fotografere av NRK. I dei dyraste merkeklede så klart, mange for anledninga i plagg signert Formichetti. Visittkort blir hyppig delt ut og håpefulle ventar i døra på å få kome inn.

Thierry Mugler

Thierry Mugler-visning i Hong Kong.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

– Eg leita etter denne jakka i lange tider. Det er Versace frå 80-talet, og same jakke som Lady Gaga har kledd seg i, fortel modellbookeren Louise Wong oss, medan han poserar.

Andre har valt å la seg inspirere av tradisjonell asiatisk påkledning som silkekimonoar og -kjolar, med vifter som tilbehøyr.

Før motevisninga har vi blitt servert drinkar i butikken Joyce, som husar dei mest eksklusive merker: Alexander McQueen, Stella McCartney, Celine og ikkje minst Thierry Mugler.

Hong Kong får stadig nye eksklusive butikkar. Den største kjeda av varehus er Lane Crawford - og her har Giedre Vaisnoraite pryda store reklameplakatar.

– Store kreative miljø
Giedre Vaisnoraite

Litauiske Giedre Vaisnoraite jobbar som modell i Hong Kong og Kina.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Ho er av dei unge håpefulle som satsar på modellkarriere i Asia. Det kryr av modellar i Hong Kong. 24-åringen gjer det godt som vestleg modell her og i Kina, og har gått visningar for mellom anna Gucci og Yves Saint Laurent.

Vaisnoraite er utdanna i mote og tekstil ved The University of Manchester og meiner Hong Kong er i ferd med å utvikle ei kreativ motescene.

– Kina er mest kjent for å kopiere andre når det gjeld mote, men det verkar som dei er ivrige etter å lære og vil bli meir kreative. Dei har økonomien til det. Både Hong Kong og Shanghai har store kreative miljø. Tokyo er nok framleis motehovudstaden i Asia, men Hong Kong er ein god utfordrar på andreplass, seier Vaisnoraite til NRK.no.

Ho har budd i Hong Kong i ni månader og jobba før det som modell i Singapore og Shanghai.

Valuta: Venleik

Modellar kjem gratis inn overalt i Hong Kong, for venleik er den einaste valutaen utanom Hong Kong dollars som tyder noko. Nokre byggjer heile karrierer på å vere omringa av den.

Ein PR-mann ved namn Ibou arrangerer gratis festar for modellar kvar tysdag på toppen av ein skyskrapar, såkalla «rooftop parties». Alltid med fri bar, gratis middag og påfølgjande gratis klubbturar. Og alltid med ein klynge av byens modellar - og dei rike mennene som følgjer med.

– Welcome, welcome, helsar han modell på modell og deler ut obligatoriske kyss på kinnet.

Alt blir dokumentert av husfotografen, som legg bileta ut på Facebook. Her skal ingen måtte føle seg usynleg; vel og merke dersom du er høg og slank.

– Work hard, play hard
Hong Kong

Stilig festdeltakar på moteshow.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Grupper av unge jenter, mesteparten frå Russland og Aust-Europa, men også eit par skandinaviske, er lette å sjå på avstand, med sine lange bein og typiske modelluniform; så kroppsnære og få plagg som mogleg. På dei fleste klubbar står det klart eit eige VIP-bord, der modellane kan forsyne seg med så mykje drikke dei vil.

Dette er tross alt byen som har slagordet «Work hard, play hard».

Spesielt under Thierry Mugler-visninga kjem dekadensen til syne. Iskrem i pulverform, flytande sjampanje, sjokolade, goody bags med parfyme. Baren stenger aldri.

Det er heller ikkje uvanleg å sjå kø utanfor luksusbutikkane Louis Vuitton og Prada i helgene. Mange kinesarar tar turen til Hong Kong for å handle dei dyraste merkevarer, sjølv om dei kan få tak i dei billigaste falske kopiane rett utanfor stovedøra.

– Få kinesarar har høyrt ordtaket «Less is more» når det kjem til mote, meiner Giedre Vaisnoraite.

– Bølgje av nye designarar

Thierry Mugler

Thierry Mugler-modell.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Sterke fargar, masse mønster, merkelappar og store slagord på t-skjortene, slik skildrar ho kinesisk design.

– Men det er ei bølgje av nye unge designarar på veg, som har studert i Storbritannia eller USA og kjem tilbake til Hong Kong for å byggje merket sitt her, med nye idear. Arbeidskrafta er billegare og ein er nærmare fabrikkane som produserer kleda. Mange av dei satsar på å selje kleda også internasjonalt, seier ho.

Michelle Lai er ein av desse. Ho står bak veskekolleksjonen Mischa designs som blir vist for første gong under Paris Fashion Week denne månaden.

– Eg har jobba i eit par år med å etablere dette merket og er svært spent framfor moteveka. Men ein må jo berre prøve, fortel ho.

Møtet med herr Formichetti
Hong Kong

Stilig Hong Kongnesar.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

På moteveka i Paris skal også nemnde herr Formichetti vise. Han er ein populær mann og blir stadig overfalt av fans etter kvart som Thierry Mugler-festen held fram ut i dei seine nattetimar. Vi rekk likevel å knipse eit bilete av han.

– Vil du berre ha bilete av meg åleine? Alle andre vil ta bilete av meg saman med nokon, spøkar han og set opp ei trist mine.

Han er kledd i ein glitrande topp og svarte bukser, av eigen design. Knips. Og så blir han på nytt overfalt av ivrige fans.

– Oh my God, I loved your collection, skrik ei jente og kastar seg om halsen på han.

Neste morgon skal Western Market i Hong Kong igjen bugne av fisk, kylling og lokale kinesiske kjøpmenn, i ein eim av sjøluft og trykkande varme. Vi skal høyre støyen frå bygningsarbeid og lossing av skip ved hamna. Men neste kveld er det allereie eit nytt motearrangement å ta del i. Og kanskje kan også moteindustrien bli ei nyttig inntektskjelde, både kreativt og økonomisk, for den tidlegare britiske kolonien.