Hopp til innhold

Honda CRV -med ny utstråling

Når Honda no blant anna fjernar reservehjulet bak på CRV'en får den ei ny utstråling. Den blir meir eksklusiv, sporty og komfortabel.

Honda CRV
Foto: Tor Bergebakken / NRK

Honda CRV har tatt steget opp i premiumklassen for mellomstore SUV'er, og her leikar den saman med blant anna BMW X3 og nye Land Rover Freelander.

Du kan få Honda CRV med to motorval. Anten med 2.0 liters V-tech bensin på 150 hk, eller med 2.2 liter diesel med 140 hk.

 

Honda CRV
Foto: Tor Bergebakken / NRK

Ganske forskjellege

Begge desse motortypane er gode både i kraft, utslepp og forbruk, men om ein sett dei opp mot kvarandre er dei ganske forskjellege.

- Har du bestemt deg for bensinutgåva så ikkje vel dieselen, for det kan bli dyrt for deg. Dieselen er nemleg ein råtass i kombinasjon med seks trinns manuell girkasse. Og har du lyst på automatgir, då bør du velje bensin, det fortel ein bestemt Jan Erik Larssen.

Inne i bilen

Når du kjem deg inn i bilen får du ei verkeleg premiumkjensle. Her har det skjedd mykje sidan gadget-revolusjonen. Her finn du herlege elektrisk justerbare seter, med armlene og doble sømmar i kantane.

Her er eit innhaldsrikt midtkonsoll, med djupe rom, kopphaldar og eit kjempetøft handbrekk.

Med manuell girkasse der det bak bokstaven "R" finn du eit ryggekamera. I dashbordet har du ein stor navigasjonsskjerm, som gir deg informasjon om klimaanlegg, stereoanlegg og den integrerte telefonen. Det fins tre måtar å bruke dette systemet på, anten med knappar, touch-screen og faktisk med talekomandoar.

Rattet er henta frå nye Civic, og dette er tøft! Baksetet kan delast og regulerast i alle retningar og taket er i glass. Men det er mykje meir enn dette som gjer denne bilen tøff, i hanskerommet er det ein dokkingstasjon for iPod. 1000 låtar rett opp på skjermen og ut i anlegget. No er det slutt på lause cd-ar i bilen.

Avansert teknikk

 

Honda CVR
Foto: Tor Bergebakken / NRK

I topputgåva får du adaptiv cruisekontroll som tilpassar seg trafikken framfor deg, du har frontlys som føljer styringa og som då lysar inn i svingane og du har eit ganske avansert kollisjonssystem som oppfattar eit smell, før det skjer. Det vil seie at den bremsar, strammar selane og airbagane gjer seg klar til utskyting.

Alt for å minske skadane på deg som sit inne i bilen.

Design, gadget og andre tekniske ting vil vi jo ofte ha, og denne bilen er lekker uansatt kva slags utstyrsvariant du vel.

Du får CRV til 379 000 kroner, og du får toppmodellen med diesel, fullasta med utstyr for 445 000 kroner.

Dieselbilen er nemleg ein skikkeleg avgiftsvinnar. Den gjekk ned ca. 40 000 kroner i pris frå nyttår, då den blei lansert. Snakk om timing!

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.