Hopp til innhold

Historia bak «Sommernatt ved fjorden»

«Sommernatt ved fjorden» er Ketil Bjørnstads mest kjende song, men den kunne like gjerne hamna i søppelbøtta. Les historia bak den norske sommarklassikaren.

Ketil Bjørnstad

Ketil Bjørnstad laga «Sommernatt ved fjorden» til albumet «Leve Patagonia!» i 1978. Her ser han ut på Oslofjorden frå sin eigen balkong på Nordstrand.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Det er strålande sol og god fjordutsikt når eg møter Ketil Bjørnstad (63) heime på Nordstrand. Det var det også då han skreiv «Sommernatt ved fjorden» tidleg på våren 1978. Den gongen såg han ikkje ut mot Oslofjorden, men mot Hagefjorden ved Sandøya utanfor Tvedestrand.

Ideen som redda songen frå papirkorga

Bjørnstad byrja å lage tekst og melodi samtidig.

– Eg var redd for at den bevega seg for mykje, at det vart for mange akkordskifte, at den snodde seg for langt opp og ned. Eg var ikkje hundre prosent fornøgd, eg sat faktisk og tenkte: «skal eg kaste den, skal eg byrje på nytt?»

Bjørnstad hadde jobba med songen to-tre dagar, og etter ein pause i arbeidet kom ideen som redda «Sommernatt ved fjorden» frå papirkorga:

– Eg byrja på mellomspelet mellom versa. Straks eg hadde fått til det, fall det heile på plass. Då følte eg at fekk versa luft, at det ikkje vart så mange skifte heile vegen. Så eg beheldt den.

– Ein ser ikkje alltid sjølv kva som kommuniserer best

Songen var ein av 30 songar på albumet «Leve Patagonia!», som var inspirert av Kristiania-bohemen, ei gruppe politisk engasjerte kunstnarar på 1880-talet. Bjørnstad såg ikkje for seg at akkurat denne låten skulle slå godt an:

– Eg vart veldig glad i songen under innspelinga, og den gjorde inntrykk på dei første som fekk høyre den. Eg forstod nok at vi hadde fått til noko, men som opphavsmann har ein jo hjartet sitt i absolutt alt ein gjer. Ein ser ikkje alltid sjølv kva som kommuniserer best.

Men det gjekk ikkje altfor lenge før komponisten forstod at «Sommernatt ved fjorden» kom til å få ei heilt eiga stilling hos publikum:

– Året etter vart den stadig oftare spelt i Reiseradioen. Plutseleg forstod eg at den var blitt gjenkjend av mange. Det var ei stor glede, men det var ingenting eg hadde rekna med.

Hagefjorden utanfor Tvedestrand

Utsikt mot Hagefjorden utanfor Tvedestrand. Bjørnstad budde ved Hagefjorden då han skreiv «Sommernatt ved fjorden».

Foto: Camilla H. Knutsen/www.sandoya.no

– Songen lever sitt eige liv

Ketil Bjørnstad har eit varmt og godt forhold til sin største hit, men ettersom låten har komen i trettiåra kjenner han ikkje eigarskapet like sterkt lenger:

– Det er spesielt at så mange kjenner den, og brukar den i alt frå gravferd til konfirmasjon. Eg kjenner det litt som når eit barn har flytta ut og etablert seg: Eg er veldig glad i songen, men den lever sitt eige liv.

Les også: Slik var utsikta «Ut mot havet»

11. juni syng Isa Katharina Gericke «Sommernatt ved fjorden» under Ønskekonsert med KORK i Store Studio.

Kulturstrøm

  • Spanske myndigheter tiltaler Shakira for skattesvindel

    Den colombianske popdronningen Shakira er anklaget for skatteunndragelser på 6,8 millioner euro, melder spansk påtalemyndighet. Hun anklages for å ha brukt et skatteparadis for å slippe å betale skatt i 2018, melder påtalemyndigheten i Barcelona. Den 46 år gamle popstjernen har vært tilknyttet Spania siden hun slo seg sammen med den nå pensjonerte fotballspilleren Gerard Pique. Paret har to barn. De bodde i Barcelona inntil i fjor, da forholdet sprakk.

    Spanske myndigheter har tidligere anklaget henne i en sak som dreier seg om en sum på 14,5 millioner euro for perioden 2012–2014. Shakira hevder hun var bosatt på Bahamas i den perioden, og bare var på besøk i Barcelona.

     shakira
    Foto: AP