Hør:
Er eit buekorpsjubileum grunn god nok til å få utsett militærtenesta? Nei, meiner Vernepliktsverket. Ja, meiner Torbjørn Instebø Waarhus, og halve Bergen med han. Dette må me finne ei løysing på, seier forsvarsminister og bergensar Anne-Grete Strøm-Erichsen. Ho tek saka til departementet.
Viktig i Bergen
- Det er vanskeleg å få utanforståande til å forstå kor viktig tradisjonen med buekorps er i Bergen, seier forfattar Gunnar Staalesen. Han har sjølv prøvd å forklare mange gonger, men kjem som regel til kort.
Staalesen gjer likevel eit nytt forsøk for Norgesglaset sine lyttarar:
- eit buekorpsjubileum i Bergen er ein storhending. Hadde det eksistert buekorps i Oslo hadde ganske sikkert kongehuset vore representert når Frogner Bataljon eller Grünerløkka Buekorps hadde hatt sine store markeringar.
-Verneplikta må vente
Bergens Tidende skriv i dag om Torbjørn Instebø Waarhus, som skal møte på rekruttskulen på Madla 10. januar. Etter 13 år i Nordnæs Batallion hadde han sett fram til feiringa av 150-årsjubileet i mai. Waarhus fekk tildelt det ærefulle oppdraget som fanebærar, ei oppgåve han meiner er så viktig at verneplikten må vente. Men Vernepliktsverket var ikkje samde.
Forsvarsministeren forstår
Nye søknader og engasjement frå både Nordnæs Batallion, gamlekarforeningen og jubileumskomiteen nådde døve øyrer, heilt til krigsveteran, tidlegare byrettsjustitiarius og AP-politikar August Rathke fann ei løysing. Han kontakta partifelle og medbergensar Anne-Grete Strøm-Erichsen. Og Forsvarsministeren har stor forståing for problemet. Ho håpar Torbjørn får med seg både jubileum og verneplikt, og skal ta saka vidare til departementet.
Livlig debatt
Dette har skapt livlig debatt på Bergens Tidende sine nettsider, og meiningane er delte både om Waarhus sitt dilemma og forsvarsministeren sitt engasjement i saka.
- Er det nokon i dette landet som kan ordne opp i denne floken, så er det Anne-Grete Strøm-Erichsen, seier Gunnar Staalesen. Sjølv meiner han det vil vere trist om Torbjørn Instebø Waarhus ikkje får bidra til og oppleve noko så stort som eit 150-årsjubileum.
- Lat han vente med militærtenesta til hausten, så får Forsvaret ein utmerket soldat, seier Staalesen.
Norgesglasset NRK P1