Hopp til innhold

Har mista fleire millionar i inntekt

– Regjeringa lova eit kulturløft. I augneblinken er det eit heilt reelt kulturkutt, meiner festspeldirektør Lars Petter Hagen.

Lise Davidsen fra «Tosca» under Festspillene i Bergen 2023

FLAGGSKIP: Festspela i Bergen er Nordens største musikk-, teater- og biletkunstfestival. Her framfører Lise Davidsen «Tosca» under festspela tidlegare i år.

Foto: Thor Brødreskift / NTB

Festspela i Bergen fekk årleg rundt 2,8 millionar frå den statlege kulturpotten, som blei kalla gåveforsterkingsordninga.

– Nå er 10 % av budsjettet borte. Pengar som gjekk rett ut til musikarar og artistar i det frie feltet. Det er dramatisk, seier festspeldirektøren.

Lars Petter Hagen - festspilldirektør

KULTURKUTT: Festspeldirektør Lars Petter Hagen er redd kuttet fører til færre konsertar under festspela.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Nær 140 millionar kroner blei fordelt til over 400 kulturelle organisasjonar og institusjonar gjennom gåveforsterkingsordninga i 2021.

Mange vart uroa då dei raud-grøne vedtok å fjerne ordninga frå januar 2022.

For meir enn ti kulturaktørar NRK har snakka med har stansen av ordninga fått betydelege konsekvensar for økonomien.

Lova kulturløft

Regjeringa ville ikkje at private gåver skulle styre fellesskapets midlar, og fjerna difor ordninga.

I tillegg hadde den hatt ei skeiv geografisk fordeling meinte dei.

I valkampen lova dei raud-grøne ei meir rettferdig fordeling av denne potten, men det skulle framleis gå til kultur. Dei lova eit kulturløft.

På direkte spørsmål i august 2021 til komande kulturminister Anette Trettebergstuen om det var grunn til bekymring for dei som hadde nytta ordninga, svara ho til Aftenposten:

– Mange av dei som tek imot gåveforsterking, vil kome betre ut i ei regjering leia av oss. Dei som har gjort seg avhengig av den støtta, skal vi finne løysningar for, sa Trettebergstuen.

Ein ringerunde NRK har gjort viser det motsette.

– Må ta tak i dette raskt

Stiftelsen Litteraturhuset, som held til i Oslo, formidlar leselyst til 9000 barnehagebarn og 18 000 skulebarn, som kjem på fysisk besøk årleg. I tillegg har dei digitale program som når ut til fleire hundre tusen.

Susanne Kaluza

VENTAR: Dagleg leiar ved Stiftelsen Litteraturhuset, Susanne Kaluza, etterlyser føreseielege midlar frå staten.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Litteraturhuset hadde meir enn 2,5 million kroner i inntekt gjennom gåveforsterkingsordninga i 2021.

Nå ventar litteraturhuset og dagleg leiar Susanne Kaluza på midlar på same nivå som før regjeringsskiftet.

– Vi håper dei veldig positive orda blir følgt av midlar og føreseielegheit, som vi er avhengig av, seier Kaluza.

Stiftelsen fekk eit eingongsbeløp på 1,5 million over statsbudsjettet i år, noko Kaluza er glad for. Men det er ikkje nok.

– Leselyst er viktig, derfor vil vi at den nye statsråden tek tak i dette raskt, seier Kaluza.

Stiftelsen Litteraturhuset

FORMIDLAR LESELYST: Stiftelsen Litteraturhuset, som held til i Oslo, tek årleg imot besøk av nær 30 000 barnehage- og skuleborn.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NTB

– Breiare satsing i heile landet

Regjeringa seier dei har fordelt pengane annleis, men at potten framleis går til kulturformål.

– Det handlar ikkje om å kome opp med nye ordningar som skal erstatte gåveforsterkingsordninga, men om å bruke pengane annleis, seier statssekretær i kulturdepartementet Even Aleksander Hagen (Ap).

– Kan du gje nokre eksempel på kva de prioriterer å gje pengar til?

Fylkesordførar Innlandet Even Aleksander Hagen (Ap)

TIL KULTURFORMÅL: Statssekretær i kulturdepartementet Even Aleksander Hagen (Ap) meiner potten nå når breiare ut.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

– Blant ting som har blitt styrka er den kulturelle skulesekken, det å hindre fråfall frå korps og kor, frifondmidlar og satsing på ungdom og fritid.

Ifølge statssekretæren var det mange utfordringar med gåveforsterkingsordninga, der pengane i stor grad enda opp i dei største byane.

– Vi ønskjer å omdisponere pengane frå dei store aktørane som har nytt godt av ordninga til ei breiare satsing på kultur i heile landet, seier Hagen.

I Bergen er det dei ekstraordinære arrangementa som er festspela sin identitet, men dei blir vanskelegare og vanskelegare å gjennomføre, ifølge festspeldirektøren.

– I første omgang blir det færre konsertar, færre billettar å selje, som igjen fører til færre sponsorar, seier festspeldirektør i Bergen, Lars Petter Hagen.

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift