Hopp til innhold

Guttorm Åsesønn Storaas

For 12 år sidan tok Guttorm for første gong i ein gitar, og sidan den gong har det blitt mange gitarar mellom hendene på 25 –åringen.

Guttorm Åsesønn Storaas
Foto: Promo

På laurdag skal Guttorm Åsesønn Storaas spele ”Recuerdos de la Alhambra” av F. Tárrega, men om du vil sjekke ut kor flink Guttorm er på gitaren kan du allereie no sjå han då han spelte på auditionen sin , der spelar han ”Nevando está”av A. Patinõ/arr. E. Falú.

Frå el –gitar til klassisk gitar

Det er altså 12 år sidan Guttorm for første gong tok i ein gitar, men dei åra har ikkje 25 –åringen brukt på tull, den tida har han brukt på gitaren.

- Før eg oppdaga den klassiske gitaren og reportoir til den på vidaregåande gjekk det i el –gitar og heavy metal.

Men då han først oppdaga den klassiske gitaren byrja han for alvor å bry seg om musikken.

- Eg har bachelor frå Grieg-akademiet i Bergen og held no på med siste året av mastergrad i musikk ved Mozarteum i Salzburg i Austerrike.

 

Guttorm Åsesønn Storaas
Foto: Promo

Før opptreden

Før Guttorm skal opptre har han nokre faste ritual som han berre må gjere.

- Pusten er eit viktig element også for oss gitaristar. Eg fokuserar på det og på avspenning før eg skal opptre.

Det er nok lett å bli litt nervøs før ein skal opptre, Guttorm meinar at nervøsitet kan vere både ven og fiende på ein gong.

- Det kan få ein til å gjere rare ting, eit fenomen alle kjenner til. Eg hugsar ein gong eg skulle starte ein recital med tre korte dansar av Stepan Rak. Eg hugsa ikkje lenger ein første strofa av første dansen og det blei med det. Eit godt gamalt ”jernteppe”. Resten av konserten gjekk forresten flott.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Til å studere vidare i utlandet og reise til seminar og konkurransar.

På gøy med Guttorm:

Kva er den raraste sommarjobben du har hatt?

- Eg har hatt sommarjobb i tre år som lakserøktar ved eit lakseoppdrettsannlegg.

Har du nokre spesielle kunnskapar?

- Er veldig glad i å fikse ting som det kanskje hadde vore lettare å kasta eller la andre gjere, litt Petter Smart kanskje.

 

 

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP