Hopp til innhold

Grieg-effekten knekte Hitler

Då nazistane stjal nasjonalsymbolet Edvard Grieg, vakna nordmennene til kamp.

Edvard Grieg
Foto: Edvard Grieg Museum Troldhaugen

Hør: Jazz mot Hitler

Motstandskampen under krigen blei utkjempa på fleire frontar, også i konsertsalane. Og der tapte okkupasjonsmakta så det sang.

Elef Nesheim

Forfattar Elef Neshein

Foto: May-Brith Leland

Musikk som politisk våpen

Musikkprofessor Elef Nesheim meiner det som hende i Norge under krigen viser at musikken kan bli eit politisk våpen. Trass iherdig innsats tapte nazistane kampen om det norske publikummet, ikkje eingong dei ypperste tyske musikarane kunne fylle setene i konsertsalane. Nordmennene samla seg heller i private heimar og illegale klubbar for å høyre på musikk tyskarane prøvde å forby.

Mange jazzklubbar som måtte legge inn årene gjenoppstod som syklubbar. For medan andre organisasjonar måtte registrere medlemmene sine, var syklubbane fritekne frå regelverket.

Norske komponister i propaganda

Professor i musikkhistorie ved Norges Musikkhøgskule, Elef Nesheim, ga nyleg ut boka 'Eit musikkliv i krig'. Der viser han at musikken gjekk frå å vere kunst og underhaldning til å bli eit politisk våpen.

Hitler ville ikkje føre krig i Norge, og han brukte blant anna musikk for å overtyde nordmennene om at dei høyrde heime i eit storgermansk rike. Jazz, moderne musikk og musikk av jødiske komponistar blei luka ut, medan tyskarane usjenert brukte dei store norske komponistane i sin eigen propaganda.

Tjuveri vekte folket

Edvard Grieg sitt 100-årsjubileum i 1943 blei eit vendepunkt. Ein tale av propagandaminister Goebbels vekte det norske folket, dei fann seg ikkje i at Grieg blei brukt til å vise veg inn i det storgermanske riket. Musikklivet gjekk under jorda. Nordmennene boikotta dei ofisielle konsertane og det voks fram ein parallell konsertarena. I private heimar og i forsamlingshus spela ein det ein ville, - både musikk av jødiske komponistar og jazzen, - den amerikanske negermusikken. Ingen utan medlemskap slapp inn, så ein kunne effektivt stenge ute nazistar og tyskarar som ville spane på publikummet.

Norge vann kulturkrigen

Elef Nesheim meiner tala er eit klart bevis på kven som vann kulturkrigen i Norge. I dei siste krigsåra spelte både verdskjende, tyske operastjerner og Berlinfilharmonien for tomme, norske salar, medan folk strøymde til konsertar i skrøpelege forsamlingslokale.

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters