Hopp til innhold

Han skal finne «den nye Lomheim»

Forfattar Ottar Grepstad er blitt styreleiar for Språkrådet. Prosessen med å finne ein ny språkdirektør startar med det på ny.

Ottar Grepstad

Forfatter Ottar Grepstad er ny styreleiar for Norsk Språkråd.

Foto: Nynorsk kultursentrum

Kulturminister Anniken Huitfeldt har i dag utnemnt nytt styre for Språkrådet . Ny styreleiar er Ottar Grepstad, forfattar og direktør for Nynorsk kultursentrum.

Med dét er fyrste brikke i puslespelet om å finne ny språkdirektør lagt.

Gjekk i protest

– Eg er glad for at vi har fått på plass eit godt og kompetent styre for Språkrådet. Vi kjem no raskt til å lyse ut stillinga som direktør, seier kulturministeren i ei kort pressemelding torsdag ettermiddag.

Kjell Lars Berge

Retorikkprofessor Kjell Lars Berge.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Tidlegare i haust trekte halve styret i Språkrådet seg i protest mot kulturminister Anniken Huitfeldt si avgjerdsle om ikkje å tilsetje retorikkprofessor Kjell Lars Berge som ny direktør etter Sylfest Lomheim.

Eit einstemmig styre gjekk inn for Berge som ny direktør, men kulturministeren sa nei.

– Eg veit ikkje når

Ifølgje Dagbladet var årsaka til Huitfeldt sitt nei at Berge kom med knallhard kritikk mot ministeren då ho ikkje ville redde den nettbaserte utgåva av Store Norske Leksikon.

Ottar Grepstad var ein av tre styremedlemmer som då blei sitjande. Den ferske styreleiaren vil ikkje seie noko om kva tid han trur ny direktør vil vere på plass.

– Vår jobb blir no å finne ein direktørkandidat med så brei støtte at statsråden vil følgje rådet frå oss. Eg veit ikkje kor lang tid det vil ta, seier Grepstad til NRK.

Høyr Ottar Grepstad fortelje om si nye stilling. Reporter Stine Traaholt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.

Kulturminister Anniken Huitfeldt har i dag utnemnd Ottar Grepstad til ny styreleiar i Språkrådet.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Kulturstrøm

  • Aurora og Kvelertak til Roskilde

    Artisten Aurora og bandet Kvelertak er blant dei som skal opptre på Roskildefestivalen neste år.

    Dei to er førebels dei einaste norske namna som er på neste års program. Roskildefestivalen er den største musikkfestivalen i Norden og éin av dei største i Europa.

    Kvelertak Pressefoto 2022
    Foto: Stian Andersen