Hopp til innhold

Halve språkråd-styret trekkjer seg

Misnøye med korleis Kulturdepartementet har handsama tilsetjinga av ny direktør for Språkrådet, gjer at 4 av 7 styremedlemmar no trekkjer seg.

Magni Øvrebotten

Styreleiar i Språkrådet, Magni Øvrebotten har saman med tre andre trekt seg.

Foto: unknown

Saman med styremedlemmene Jan Olav Fretland, Silje Solheim Karlsen og Tor Fuglevik, trekkjer no styreleiar Magni Øvrebotten seg.

Årsaka er måten tilsetjingsprosessen av ein ny direktør for Språkrådet har vorte handsama på av Kulturdepartementet.

– Eg skjemst over både prosessen og resultatet av han. Difor trekkjer eg meg, seier Magni Øvrebotten.

Jan Olav Fretland

Også styremedlem Jan Olav Fretland har trekt seg.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Respektlaust

Magni Øvrebotten har fungert som leiar for styret i Språkrådet sidan Ida Berntsen trekte seg i august i år. Styret har sete på overtid, fordi dei skulle få på plass ein ny direktør.

Retorikkprofessor Kjell Lars Berge var beden spesielt om å søkje stillinga, og han var den eit samrøystes styre rådde kulturministeren om å tilsetje. Tilsetjingsprosessen har no vart i over sju månader.

Øvrebotten meiner dette er ei respektlaus behandling av alle søkjarane, og særleg av Kjell Lars Berge .

Anniken Huitfeldt

Anniken Huitfeldt har enno ikkje uttalt seg i saka.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Styret har sete mest eitt år ekstra til ingen nytte, og det er god grunn til å spørje kva Språkrådet skal med eit eige styre, seier Øvrebotten.

Har kritisert Huitfeldt

Ifølgje Dagbladet er det truleg Kjell Lars Berge sine kritiske utsegner om kulturministeren, som gjer at Huitfeldt ikkje vil tilsetje han som ny språkdirektør.

No vert stillinga som direktør i Språkrådet lyst ut på nytt i januar, når eit nytt styre er på plass.

Huitfeldt beklagar

– Eg beklagar at denne prosessen har teke for lang tid, seier kulturministeren til NRK.

Men ho meiner det er uproblematisk å overprøve Språkrådets anbefalingar.

– Eg har høyrd på Spåkrådets vurderingar om alle kandidatane, men det er ikkje styret som tek avgjeringa, det er det departementet som gjer.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober