Hopp til innhold

Fryktar EU-direktiv kan skape store problem for norske konsertscener

Eit lovforslag frå EU, som kan bety eit forbod den type scenelys som blir brukte i konsert- og teaterlokale, skaper frykt i bransjen. – Den teknologien lovforslaget krev, finst ikkje, seier Hans Peter Jenssen i selskapet Bright Norway.

Nobels fredspris 2017 til ICAN

Lys er ein viktig del av dei fleste store konsertar. Her frå Fredspriskonserten i Telenor Arena 11. desember i fjor.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

EU arbeider med eit lovforslag som blir kalla «Eco-design arbeidsplan 2016-2019». EU-kommisjonen vil ifølgje BBC vil at scenelys skal inn under dei same krava til energieffektivitet som resten av samfunnet.

Forslaget er ikkje vedteke, det skjer truleg ikkje før mot slutten av året. Blir forslaget vedteke i år, blir det truleg gjeldande frå og med 2020. Det betyr truleg slutt på blant anna halogen- og HMI-pærer i lyskastarane.

Ber om unntak

Hans Peter Jenssen.

Hans Peter Jenssen fryktar problem for mange scener om lovforslaget frå EU-kommisjonen blir vedteke.

Foto: Privat

– Vi er heilt samde i at lysbruken vår må bli meir energieffektiv og miljøvenleg, det er eit mål vi absolutt støttar. Men problemet er at den teknologien dette lovforslaget spør etter, ikkje finst i dag. Vi håper på at bransjen framleis vil få unntak for regelverket, slik til dømes sportsarenaer får, seier Hans Peter Jenssen.

Selskapet han jobbar i, Bright Norway, er størst her i landet på lys til konsertar og andre arrangement. Dei leverer også lysløysingar til TV-produksjon, blant andre til NRK.

Jenssen meiner det ikkje er mogleg at bransjen som produserer lysutstyr vil ha den naudsynte teknologien på plass innan 2020.

Han fortel at den norske delen av scenelysbransjen har hengt seg på den britiske bransjeorganisasjonen ALD (The Association of Lighting Designers), som har sett i verk ein kampanje mot lovforslaget. Målet er at lys- og lydbransjen skal få unntak frå ei eventuell ny lov, slik dei har i dag.

Ein underskriftskampanje for heile Europa er i gang, og pr. søndag ettermiddag har rundt 57.000 menneske skrive under på kravet om unntak frå lovverket.

Mindre scener

Lysshow på Mods-konsert

Stort lysshow på konserten med Mods i Stavanger i fjor.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Hans Peter Jenssen fryktar at lova kan få alvorlege konsekvensar for mange norske scener, spesielt dei minste. Mange av dei større, slik som teater- og operascener, har ein større variasjon av utstyr. Alle kan bli sitjande igjen med store mengder lampar dei ikkje får kjøpt pærer til, og det vil resultere at lampar som i utgangspunktet fungerer heilt fint, må skrotast

– Då er det sjanse for at dei små scenene med små budsjett rett og slett ikkje har pengar til ei slik oppgradering, seier han.

Den britiske bransjeorganisasjonen ALD er ikkje i tvil om at, dersom lovforslaget blir vedteke, det vil føre til at mange mindre teater, scener og konsertlokale må stengje dørene.

Matt Drury, lyssjef ved The National Theater i London, seier til BBC at om lovforslaget blir vedteke, så vil det bety eit forbod mot omtrent alt utstyret dei brukar. Nica Burns, som eig eit teater i Londons West End, seier at ei innføring av dette lovforslaget vil setje heile teaterindustrien tilbake med fleire tiår.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.