Hopp til innhold

Frigir hemmelege Kennedy-papir

Topphemmelege dokument etter Robert F. Kennedy kan gi svar på kva amerikanarane visste då dei gjekk inn i Vietnam og korleis dei planla å ta livet av Fidel Castro.

Obit Ted Kennedy

Nye dokument frå Robert F. Kennedy kan kaste lys over nokre av løyndommane i amerikansk historie. Her er Edward og Robert Kennedy, begge senatorar, midt i ein samtale i Senatet i Washington 15. mars 1967.

Foto: Anonymous / AP

63 esker med Kennedy-dokument blir endeleg frigitt, melder The New York Times. Dokumenta tilhøyrde Robert F. Kennedy og skal etter planen stillast ut i John F. Kennedy-biblioteket i Boston.

Kennedy

President John F. Kennedy samtalar med bror og justisminister Robert F. Kennedy. Snart får vi vite meir om korleis dei styrte USA.

Foto: HO / Reuters

Mange av dokumenta er klassifisert som topphemmelege eller hemmelege. Allereie er fleire tusen dokument om livet til Robert F. Kennedy frigitt til forsking, frå 2300 esker.

Robert F. Kennedy, «RFK», var den yngre broren til president John F. Kennedy. Han var svært delaktig i valkampen til broren og enda opp som justisminister i regjeringa hans.

– Kan ha samanheng med Cubakrisa

I denne rolla fekk han mykje å seie både når det gjaldt Cubakrisa og invasjonen av Grisebukta, samt byrjinga av Vietnamkrigen.

– Eg ville tru at desse dokumenta har å gjere med dei omfattande forsøka på å ta livet av Castro. Det kan ha samanheng med Cubakrisa, seier Helge Pharo, professor i internasjonal historie ved Universitetet i Oslo, til NRK.

Han trur dokumenta mellom anna kan kaste lys over den såkalla «Tonkin Gulf»-operasjonen i 1964, der amerikanarane hevdar å ha blitt angripe av nord-viatnamesiske skip.

– Operasjonen legaliserte på eit vis den amerikanske krigføringa i Vietnam. Det er framleis tvil om kva amerikanarane visste og trudde. Var det eit nord-viatnamesisk angrep eller var det noko dei fann på? spør han.

Les: Siste Kennedy ute av Washington

(Artikkelen held fram under biletet)

Kennedy Cuba

John F. Kennedy, Richard 'Steve'' Heyser og Curtis LeMay diskuterer Cubakrisa på presidentkontoret.

Foto: UNKNOWN / AP

Først skeptisk til borgarrettar

John F. Kennedy, Robert Kennedy og Edward Kennedy

John F., Robert og Edward Kennedy i Hyannis Port, Massachusetts. Udatert foto.

Foto: AP

Robert F. Kennedy dreiv óg ein kampanje mot organisert kriminalitet og var engasjert i borgarrettsrørsla. Helge Pharo håpar dokumenta kan kaste lys over denne sida av han.

– Han kom frå høgresida av Det demokratiske parti, men hamna etter kvart på venstresida i partiet. Han var ikkje nokon stormande tilhengar av borgar- eller sivilrettar på 50-talet. Det skal bli veldig interessant å sjå om dette materialet gir oss meir innsikt i reisa frå å vere skeptisk til borgarrettar til den frontkjemparposisjonen han fekk, seier Pharo.

Les også: Kennedys blir TV-serie på NRK

JFK-biblioteket har lenge jobba for å få tak i desse dokumenta. Etter fleire tiår med strid har dei og familien overtalt enka etter Robert F. Kennedy, Ethel, til å frigi dokumenta.

Men no vurderer familien til Robert F. Kennedy å stille ut dokumenta ein annan stad, fordi dei meiner biblioteket har gjort for lite for å ta vare på arven etter «Bobby», som Robert blei kalla.

Høyr i Kulturnytt:

Dokumenta kan gå på auksjon

– Dette er ei veldig stor bygning og store delar av bygget er vigd til president John F. Kennedy og senator Edward Kennedy. Men her er ingenting for Robert F. Kennedy, seier Joseph P. Kennedy II, son av Robert, til The New York Times.

Biblioteket foreslo å kalle opp ein ny ving av biblioteket etter «RFK» dersom familien ville gje frå seg dokumenta, men familien nekta og kalla vingen «ein gang». No undersøkjer auksjonshuset Sotheby's papira, og det kan tyde på at familien tenkjer på å selje dei etter at biblioteket er ferdig med dei.

Peter Kornbluch, Cuba-ekspert hjå The National Security Archive, vil vere ein av dei første i kø for å sjå på dokumenta.

– Dette er ein av dei få skattane i historia som enno ikkje har nådd offentlegheita, seier han til New York Times.

Helge Pharo synest det høyrest underleg ut om dokumenta blir stilt ut ein annan stad.

– Det normale er at arkiva til presidentmedarbeidarar blir lagra i presidentbiblioteka. Det er absolutt alternativ til dette, men eg synest det ville vore veldig rart om ein gjekk for ei slik løysing, seier han til NRK.

Robert F. Kennedy vart, som bror sin, skoten i eit attentat. Det hende i California i 1968, medan han dreiv valkamp og prøvde å bli presidentkandidat for demokratane.

Innan seks månader får vi kanskje svaret på mange av spørsmåla kring han - då skal dokumenta vere klare for offentleggjering.

Kennedy-familien i 1938

Kennedy-familien i 1938 - Joseph P. Kennedy og kona Rosemary med sine ni born. Frå venstre: Eunice, Jean, Edward, Patricia, Kathleen. Ståande: Rosemary, Robert, John, Mrs. Kennedy og Joseph Jr.

Foto: Boston Globe / AP

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters