John Skien ved sida av eit Camera Obscura i Gamle Bergen Museum. Foto: NRK
Mørk kasse
I Gamle Bergen Museum finnest ei Camera Obscura-mørk kasse. Konstruert i 1788 som forløparen til fotorafiapparatet.
Ei linse fangar opp motivet,sender det til ein reflektor, og direkte ned på eit ark slik at du kan teikna bildet.
Den optiske delen var på plass, når så dei kjemiske prosessane utvikla seg på 1800 tallet, var det duka for fotografiapparatet.
Ei ny verd opna seg.
Førsteamanuensis Sigrid Lien framfor eksempel på den gamle fotohistoria som eksisterer i Bergen. Foto: NRK
Bergen-fotohovudstaden
Når førsteamanuensis Sigrid Lien tar oss med i gamle arkiv, kjem det straks for ein dag: Bergen er eit sentrum for gamle bilde.
I Gamle Bergen Museum ligg skattane, lag på lag. I sjølvaste skattekista finn me dei eldste fotografia i landet, for alltid rissa inn i metall. Vakkert.
I skuffer og skap dukkar svart/kvitt-landskapa opp, side om side med portretta frå fordums dagar.
Knud Knudsen - fotopioneren
I Universitetsbiblioteket i Bergen ligg og dokumentasjonen på fortida i tjukke lag. Landskapsbilde i tusentall fyller romma og fortel om den gongen Knud Knudsen og dei andre fotopionerane saumfor landet vår med kamera.
I dag er arbeidet deira ein dokumentasjon på det som ein gong var i kvardag og fest. Derfor er det ei stor glede å ønskja velkommen til Norge Rundt denne kvelden med den norske fotografihistoria i ryggen.
Sjå Norge Rundt på NRK1 fredag 19. august klokka 19.30.