– Det store problemet er at ved den minste forkjøling, eller eit problem i halsen så må vi avlyse umiddelbart til vi har gjort koronatest, og til den viser negativt.
Det fortel Stefan Larsson, teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen.
Dei er blant fleire teater i landet NRK har snakka med som har avlyst eller utsett framsyningar på kort varsel på grunn av forkjølingssymptom hjå skodespelarane.
Ingen av skodespelarane har så langt fått påvist viruset, og avlysingane fører til tapte pengar og ikkje minst frustrasjon.
PENGETAP OG FRUSTRASJON: – Prognosen for heile året er 19 millionar i inntektstap, seier Stefan Larsson, teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen.
Foto: Magnus Skrede– Ein blir så djupt irritert når ein etterpå får vite at det berre var forkjøling, og at ein kunne hatt framsyninga. Det hadde spart oss enormt mykje pengar.
– Prognosen for heile året er 19 millionar i inntektstap, seier han.
Han forstår dei strenge smittevernreglane, men ønsker seg likevel hurtigare svar på koronatest slik at teateret kan unngå fleire avlysingar.
– På Vestlandet har vi ingen slike hurtigtestar. Vi skulle hatt testar der vi får svar innan 12- 14 timar.
I staden må dei vente ein til tre dagar.
– Alt vil stoppe opp
Han får støtte av Morten Gjelten, direktør ved Norsk Teater- og Orkesterforening (NTO). Han meiner at det trengst betre testkapasitet og raskare prøvesvar.
– Vi håpar at vi får ein testkapasitet i Noreg som gjer at vi raskt kan avgjere kva som er farleg og ikkje, og med det spare unødvendig tapte dagsverk i tida som kjem, seier han.
NYSGJERRIG: – Når ein skodespelar må vente på prøvesvar, vil alt stoppe opp og enorme inntekter vil gå tapt, seier Morten Gjelten, direktør i NTO. No håpar han raskare testing og prøvesvar kan hjelpe dei ut av ei eventuell krise.
Foto: Bjørn Moe, NTOHan ønsker eit betre skilje mellom forkjøling og korona, og er nysgjerrig på om helsemyndigheitene kan hjelpe dei ut av problemstillinga dei no står overfor.
– Balansen vi står i er omtrent slik at kulturministeren og resten av kulturbransjen ønsker aktivitet, medan helseministeren og helsemyndigheitene ber om forsiktigheit.
Han peikar på at dette er eit problem for heile samfunnet, og ikkje berre for scenekunsten.
Likevel understrekar han:
– Det er ikkje noko heimekontor for skodespelarar i Nationaltheatret eller for dansarar i Nasjonalballetten. Alt vil stoppe opp, og det får store konsekvensar.
«DE UROLIGE»: I ein bransje der skodespelarane har gått på scena uansett om dei har kjent seg sjuke eller friske er det ei stor endring for teater å avlyse framsyningar på grunn av ei tett nase, eller sår hals.
Foto: Jenny André– Kommunane gjer ein stor innsats
– Vi har den siste tida sett ei klar forbetring i testkapasitet i kommunane. Tida for å få test og for å få svar på prøven har gått ned, svarer helseminister, Bent Høie.
– Mitt inntrykk er at alle kommunane gjer ein stor innsats for å nå målet om å ha beredskap for å kunne teste 5 prosent av befolkninga i løpet av ei veke.
Han legg også til at ein ikkje kan teste seg ut av karantene, og dersom ein har symptom på korona må ein halde seg heime ein dag etter symptomfridom, sjølv med negativ test.
– Det blir spennande å sjå om det blir verdsrekord i avlysing her til hausten, avsluttar Larson i Bergen.