Hopp til innhold

Fobi og fascinasjon

Kvifor er me redde for edderkoppar? Kva er grunnen til at me tykkjer larvar er ekle? Er det instinkt eller tillærte reaksjonar?

Tarantell og hender
Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Hør: Fobi og fascinasjon på insektslab'en

Ved Bergen Museum sine Naturhistoriske Samlingar får no hundrevis av born nærkontakt med kravlande småkryp av alle slag. Ein eigen insekts-lab bemanna av biologar og biologistudentar, med rekkjer av mikroskop, kassar med døde insekt på nåler, og glasbur med levande billelarvar, kakkerlakkar og tarantellar står klare for skuleklassar og barnehagar.

Men borna kjem ikkje åleine, det er alltid vaksne med, - og det er gjerne dei som kvir seg mest.

Born lærer frykt av dei vaksne

- dei små borna har eit meir ope sinn enn dei vaksne. Det er bra å sjå, men det viser at mange vaksne overfører si eiga frykt til dei små, seier biologistudent Morten Stokkan. Han har ansvaret for dei levande kakkerlakkane og edderkoppane, og borna flokkar seg rundt han med bøner om å få holde dyra. Sjølv om fleire seier 'æsj!' og 'ekkelt!', så held nesten samtlege fram ein liten neve.

Dei siste dagane har Morten Stokkan hatt god anledning til å observere reaksjonane til gjestene, som inkluderer born heilt ned i tre-årsalderen.

20 av 40 000 kan vere farlege

4 år gamle Lise vil gjerne holde Rosa.

4 år gamle Lise vil gjerne holde Rosa.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

- Nokon er redde fordi dei har med seg dårlege erfaringar frå dei var små, om ein blir skremt ein gong, så tek ein det med seg resten av livet. Men i tillegg øydelegg den utruleg teite mediedekninga. Skrekkfilmar øydelegg ryktet til desse dyra. Av dei 40 000 edderkoppartane som finst i verda er 20 potensielt farlege for oss menneske, seier Stokkan.

- kan-kan-kan-kan eg få holde edderkoppen?

Lise, 4 år

4 år gamle Lise frå Vallalia barnehage strekkjer ut neven mot tarantellen Rosa. Den er stor som ei vaksen håndflate, men ho er ikkje det minste redd. helst vil Lise holde alt som rører på seg. Andre er meir engstelege, vesle Jonas held armane tett inntil kroppen, men ser storaugd og fascinert på den åttebeinte, hårete skapningen.

Utfordrar fobien

- Dei er små og ekle, og den der er hårete, noko som gjer den endå eklare!

Sjetteklassingen Ingrid Larsen Viklund frå Apeltun skule i Fana hatar edderkoppar, men likevel står ho i kø for å late Rosa rusle over neven sin.

Morten Stokkan styrer tarantellen ved å gi den små dytt i bakbeina og Rosa trippar langsomt over Ingrid si klamme håndflate.

Ingrid både klynkar og fniser, og er glad når det er over.

- Det var skummelt!

Klassevenninna Henriette diggar edderkoppar, og ho tykkjer det er synd så mange er redde for dei:

- Dei har jo ikkje akkurat verdas finaste utsjånad, og det går rykter om at dei er farlege. Til slutt trur alle dei er farlege, og det er dumt. Dei er jo levande skapningar og dei fortener respekt som alle andre.

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.