Hopp til innhold

Norske filmar i fare – blir pressa til utlandet

På grunn av innreiseforbod blir fleire store norske produksjonar pressa til å spele inn i utlandet. – Det er heilt absurd, meiner Produsentforeningen.

Maria Ekerhovd

Maria Ekerhovd er produsent og eigar i selskapet Mer Film som er blant dei som kan bli aller hardast ramma av innreiseforbodet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Vi meiner det burde gå an å lage unntaksbestemmingar for filmproduksjonar som må hente inn enkeltarbeidarar frå utlandet for å gjennomføre i Noreg, seier Åse Kringstad, leiar i Virke Produsentforeningen.

I går fortalde NRK om TV-serien «Made in Oslo» som taper ein halv million dagleg fordi hovudskodespelar Jakob Cedergren blir nekta innreise frå Danmark til Noreg.

Også fleire, store norske produksjonar har nå stans som følgje av dette og tapar til saman fleire titals millionar kroner. Risikoen for konkurs er reell.

Ein av dei som kjenner på frykta for nettopp dét er produksjonsselskapet Mer Film som står bak det som blir tidenes største norske spelefilm – «Krigsseileren».

Kan tape 100 millionar

– Viss dette innreiseforbodet varer ved, og vi ikkje får søke unntak for filmarbeidarar står vi i stor fare for at heile produksjonen går over ende, seier produsent Maria Ekerhovd.

– Det vil i så fall vere katastrofalt, legg ho til.

Innspelinga her i Noreg skal etter planen gå føre seg i sommar, og dei er avhengige av å ha med seg tyske fagsjefar på filmsettet.

Disco

Selskapet Mer Film står blant anna bak filmen Disco. No er de i gang med å lage krigsfilmen «Krigsseileren».

Foto: Jørgen Nordby

Viss dei ikkje får henta inn desse nøkkelpersonane kan heile produksjonen gå i vasken, og dei kan tape opp mot 100 millionar kroner.

– Det betyr at mange folk mistar jobben, og det blir enorme konsekvensar for oss som produksjonsselskap og alle involverte, fortel ho.

I tillegg til «Krigsseileren», er også filmen «Narvik» og eit stort TV-produksjonsselskap hardt ramma av innreiseforbodet.

Må til utlandet

Per dags dato er det berre nokre få utanlandske arbeidarar, som kan bidra med nødvendig teknisk kompetanse i oljenæringa som får unntak frå innreiserestriksjonane.

Men norske arbeidarar kan reise til utlandet.

Åse Kringstad

Åse Kringstad, leiar i Virke Produsentforeningen, er bekymra for norsk filmbransje.

Foto: Virke Produsentforeningen

Kringstad meiner det er absurd at produksjonar no blir pressa til utlandet.

– Det er veldig merkeleg at det skal vere så stor forskjell på å få inn enkeltarbeidarar i Noreg kontra versus å ta eit heilt arbeidslag ut av Noreg og så inn igjen, seier ho.

Både Kringstad og Ekerhovd har full forståing for at smittesituasjonen er krevjande, og at ein må ha tiltak deretter.

Men dei presiserer at smittevern er veldig godt varetatt på norske filmsett.

– Det har vore gjennomført innspelingar i Noreg i koronaperioden, og vi har ikkje hatt store smitteutbrot nokon plass. Risikoen for smittespreiing er veldig lav, seier Kringstad.

Dei meiner nøkkelpersonar bør få kome til Noreg slik at produksjonane kan bli gjennomførte.

Vurderer endringar

Statssekretær i Næringsdepartementet, Lucie Katrine Sunde-Eidem svarer til NRK at ho har forståing for at mange blir ramma av dei strenge innreiserestriksjonane.

Statssekretær Lucie Katrine Sunde-Eidem

Statssekretær i Næringsdepartementet, Lucie Katrine Sunde-Eidem seier dei ser på tiltaka fortløpande.

Foto: Nærings-og fiskeridepartementet

– Moglege endringar i tiltaka og i unntaksordninga blir vurdert fortløpande og er basert på ei rekke forskjellige forhold, blant anna effekten av tiltak mot importsmitte og kva funksjonar som vurderast som mest kritiske å halde oppe.

Kringstad forstår at det er mange bransjar og næringar som må bli tatt omsyn til, og at milliontapet i filmbransjen kanskje ikkje målar seg med tapet i andre bransjar.

– Men det er likevel alvorleg for norsk produksjonsbransje om ein blir så hemma av så enkle små grep som dette her, avsluttar ho.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters