Hopp til innhold

Sjefredaktøren si bok har sju annonsar på framsida av eiga avis

Kulturavisa Subjekt frontar boka til sjefredaktør Danby Choi med sju annonsar. – Uheldig, seier medieforskar.

«Kanseller meg hvis du kan»
Foto: Robert Rønning

Skrollar du frå topp til botn på subjekt.no blar du forbi sju større og mindre annonsar for boka «Kanseller meg hvis du kan».

Boka er skriven av Danby Choi, som også er sjefredaktør i kulturavisa, og vart gitt ut i oktober.

Tellef S. Raabe forskar på medieøkonomi ved SNF på Norges Handelshøyskole. Han meiner annonsar i eiga avis er uheldig.

– Det er uheldig fordi sjefredaktøren tener pengar per selde bok. Det er reklame for eit produkt som gagnar han direkte, seier han.

Tellef Raabe

Medieforskar Tellef S. Raabe.

Foto: Frode Berg

Raabe trekk fram talet og storleiken på annonsane.

Hadde det vore ei annonse hadde eg kanskje ikkje reagert, men når annonsane er så store at dei fyller heile skjermen på den store PC-en min på jobb fleire gongar synest eg er merkeleg.

Subjekt er ei av dei største kulturavisene i landet.

– Det ville vore naturleg at dei melde boka med ein ekstern meldar. Det har Subjekt så langt ikkje gjort, seier han.

Les også «Et variert og passe rampete oppgjør»

– Openbert innanfor

Raabe legg til grunn at Danby ikkje har vore involvert i annonsesalet, og seier han antek at reklameplassen ikkje er gitt bort gratis.

Det stadfestar Mats Flåten til nettavisa Journalisten. Han er salssjef i Subjekt.

Han seier at forlaget Aschehoug har fått kvantumsrabatt på like vilkår som andre annonsørar.

Annonse på Subjekt.no

Ei av dei sju annonsane på Subjekt.no onsdag.

Danby Choi hadde ikkje høve til å kommentere saka til NRK, men viser til intervjuet med Journalisten. Der seier at han ikkje har hatt noko med annonsesalet å gjere.

– Dette er merka annonsar, det er ikkje redaksjonelle flater og eg styrer ikkje med annonseplassar. Eg forstår ikkje kvifor ein medieforskar problematiserer noko som er så openbert innanfor.

På spørsmål om dette kan gjere noko med tilliten til Subjekt, svarer han nei.

– Og eg godtek ikkje spekulasjonen. Dette er heilt tydeleg merka annonseplassar.

Medieforskaren på si side er ikkje i tvil.

– Eg ville stilt spørsmål ved om det er riktig å bruke Subjekt si redaksjonelle plattform til å marknadsføre dette produktet i det heile tatt.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.