Hopp til innhold

Filmsatsing på Poppe og Johnsen

Regissørane Erik Poppe og Sara Johnsen vert gjennom ei nyordning med fiminstituttet sikra minst to filmar kvar. – Eg skal ta rennefart, seier Poppe.

Erik Poppe

Erik Poppe vert gjennom avtalen sikra at han får laga minst to filmar.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

I dag gjekk Norsk Filminstutt inn ein avtale med produksjonsselskapa 4 ½ og Paradox, som sikrar at regissørane Erik Poppe og Sara Johnsen får lage minst to filmar kvar. I tillegg får dei høve til å søkje om finansiering til ein tredje film.

– Dette er heilt fantastisk. Det gjev ei moglegheit til kontinuitet. Ei slik ordning oppfordrar til å tørre å ta sjansar, seier Erik Poppe.

Håper på løft

Erik Poppe er kjend for filmar som deUSYNLIGE, Hawaii, Oslo og Schpaa. Sara Johnsen fekk i 2010 filmkritikerprisen for Upperdog , og har i tillegg laga filmar som den kritikarroste Vinterkyss og Himmelstormeren.

Denne typen pakkefinansiering er nytt i Noreg.

– Vi satsar tungt på to av Noregs aller beste regissørar og to produsentmiljø som over mange år har levert film av høg kvalitet. Vi håper dette kan bidra til å gje norsk film eit løft, seier avdelingsdirektør i Norsk Filminstitutt, Ivar Køhn til Aftenposten .

Lover spanande film

Poppe meiner at dette gjev ei moglegheit til å jobbe mykje friare, og lover at han skal utnytte pakkeavtalen til å lage spanande filmar. Han fortel at ein ofte vert ein redd for å gjere noko feil, når korleis den første filmen gjer det, avgjer om ein får støtte til neste film.

– Eg kan kanskje ikkje love eit meisterverk, men eg skal i alle fall ta rennefart, og bommar eg så bommar eg, seier Poppe til NRK.no.

Utan denne avtalen ville Poppe har vurdert å arbeide meir i Hollywood. Men han trur ikkje han kjem til å sakne Hollywood med det første.

– I Hollywood har ein så liten kontroll over det endelege resultatet.

Poppe skal lage ein film med tittelen Pornografen, som handlar om ein nakenfotograf på 1800-talet, i tillegg til ein film om den norske massemordaren i USA Belle Gunness.

Slepp administrasjon

Sara Johnsen

Regissør Sara Johnsen.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Avtalen gjer at regissørane kan bruke mindre tid på å få prosjekt gjennom papirmølla, og dermed betre kontinuitet i arbeidet.

– Eg kjenner med privilegert som får denne mogleheita. Å lage film i Noreg er vanlegvis knytt til stor utryggleik rundt finansieringa, og om det i det heile vert noko av planane. No får vi høve til å jobbe i fred. Det vert også lettare for produsenten å få tilleggsfinansiering når vi har dette i ryggen, seier Sara Johnsen til Aftenposten .

Johnsen har enn så lenge to prosjekt på gong, men det er enno uvisst av kva for eitt av prosjekta som skal lagast først.

Nøyaktig kor stor stønaden til prosjekta vert er ikkje fastsett, men produksjonsselskapa er sikra pengar til utvikling og produksjon av filmane.

Totalt var fekk Norsk filminstitutt inn seks søknader om pakkefinansieringsavtalen, der altså Erik Poppe og Saa Johnsen var dei to som nådde heilt opp. Dei andre som søkte var Maipo/Anne Sewitsky, Norsk filmproduskjon/Hanne Larsen, 4 1/2/Pål Seltaune, 4 1/2/Marius Holst.

– Det einaste som er litt dumt, er at ikkje fleire får moglegheita, seier Erik Poppe.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.