På denne måten kan produsentane arbeide meir langsiktig, planlegge fleire filmar på likt og med det auke kompetansen sin.
Nøkkelpunkt
- Dette er eit nøkkelpunkt i den nye filmstøtten. Vi treng mellom tre og seks produksjonsmiljø som er profesjonelle og store. Eg ser ikkje bort ifrå at vi på litt sikt kjem til å gje meir av filmstøtten direkte til produsentane, sier Einarsson til Dagbladet.
20 prosent norsk
Han meiner marknadsandelen for norsk film bør vera nærare 20 prosent.
- Det kjem til å bli fleire norske filmar. Og om publikum om fire år framleis er like nøgde med dei som dei er med dei norske filmane no, då er vi nøgde og, seier han til Dagbladet.