Hopp til innhold

Felix Peikli

Det kan verke som at den 16 år gamle Osloguten Felix Peikli er eit geni når det gjeld å spele klarinett. Og det er jazz han likar å spele, jazz frå 1920 til 1940-talet.

Felix Peikli
Foto: NRK

Du kan allereie no sjå og høyre Felix spele  ”After you’ve gone” av H.Creamer og T. Layton. Det kan du gjere ved å sjå Felix frå då han spelte på "Godt musikkår".  Når Felix skal på scena på laurdag er det "The world is waiting for the sunrise" (Ernest Seitz) han skal spele.

Spelt med dei store

Noko av det mest spennande Felix har opplevd er å reise til jazzbyen over alle jazzbyar, nemleg New Orleans. I påska 2005 pakka Osloguten kofferten og reiste over.

- Der fekk eg snakke og spelt med alt frå verdsstjerner til lokalmusikarar, og eg fekk blant anna opplevd livet i Bourbon Street!

Benny Goodman

Felix Peikli
Foto: NRK

- Han var og ER idolet mitt innanfor jazz. Ikkje minst fordi han spelte klarinett, men og fordi han spelte swingjazz, noko som går rett inn hos meg i alle fall.

Det albumet som har inspirert Felix mest er ”Jazzmaster 33” av Benny Goodman.

- Det var på grunn av han eg byrja å like gamal jazz, og det var han som inspirerte meg til å praktisere stilarten sjølv.

Store ambisjonar

Felix sin store draum er å spele i Carnegie Hall.

- Men på vegen dit er det mange milepælar, som for eksempel å spele inn plate først.

Kva vil du bruke pengane du vinn på?

- Eg vil bruke dei på å spele inn eigen cd.

På gøy med Felix:

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

- Det er vel kanskje kombinasjonen av all tida med chatting og klarinett.

Kva er ditt mest idiotiske kjøp?

- Rettetang!

Kva slags Disneyfigur ville du helst vore?

- Eg ville nok vore Ole Duck. Han og søskena er vel dei einaste med sunn fornuft Andeby!

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP