Hopp til innhold

Frå pøbel til poet

Då Evelyn Rasmussen Osazuwa ikkje ville gjere leksene sine fekk ho lov av læraren til å skrive dikt i staden. No er ho verdsmeister.

Evelyn Rasmussen Osazuwa

SLAMPOET: Evelyn Rasmussen Osazuwa er første gjest ut i diktprogrammet «Ordet fanger» på NRK P2.

Foto: Emilie Pat. Williams

  • Slampoeten Evelyn Rasmussen Osazuwa er først ut i det nye diktprogrammet «Ordet fanger» på P2.
  • Seinare i serien kjem blant anna Trygve Skaug, Pernille Sørensen og Maria Mena. Sjå heile gjestelista i botnen av saka.

28. mai 2017 – verdsmeisterskapet i slampoesi i Paris. Evelyn Rasmussen Osazuwa gjekk heilt til topps og vart den første nordmannen til å vinne VM og attpåtil den første kvinna.

I finalen var ho også den einaste som ikkje framførte på fransk eller engelsk, og publikum måtte dermed lese omsetjinga på skjermen bak for å skjøne kva som vart sagt.

Går vi 20 år tilbake ville nok alle berre rista på hovudet om nokon sa at Evelyn ein gong skulle bli verdsmeister i poesi.

Eller, kanskje ikkje alle …

Pøbel

På 90-talet gjekk Evelyn på Bjølsen skole i Oslo og klassa hennar opplevde mykje gjennomtrekk av ymse lærarvikarar. Dei vart kjent som den trøblete klassa som alle lærarane styrte unna, men i fjerdeklasse fekk pøbelungane ny norsklærar – som gav elevane lov til å skrive dikt i staden for å gjere norskleksene.

– Eg hugsar eg tenkte: Dikt, det er jo lett. Det er jo berre historier på rim. Plutseleg vart det ein trend å skrive dikt og lese dei framfor klassa, mimrar Evelyn tilbake.

Den nye læraren vart naturlegvis ein helt i klassa til Evelyn, men til sjuande og sist viste det seg at læraren framleis var lærar.

– Etter ei stund vart det så populært at berre dei som hadde gjort norskleksene sine fekk lov til å lese opp dikta sine framfor klassa. Så eg vart nok lurt til å gjere norskleksene mine, men følte likevel at eg vann norsktimane, konkluderer ho.

Ordet fanger

Evelyn Rasmussen Osazuwa er første gjest ut saman med forfattaren Fredrik Høyer i det nye poesiprogrammet «Ordet fanger» på NRK P2. Og skal vi tru programleiar Ellen Wisløff (Instagram: renpoesi), så lev lyrikken framleis i beste velgåande.

– Poesien er så til dei grader i blant oss og det er stor openheit for å eksperimentere. Du kan sjå han på sosiale medium og litteraturfestivalar dukkar opp overalt. Det munnlege avtrykket har blitt ein viktigare del av det å skrive dikt, seier Wisløff.

Saman med poeten Endre Ruset skal ho leie oss gjennom åtte episodar der dei skal ta temperaturen på poesien i 2017.

Første episode begynner søndag 19. november kl. 10:03 på NRK P2.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.