Hør:
Eit nytt, internasjonalt språk er på veg inn i vår dagligtale, og du kan vere med og forme det. Ei forkorting eller eit feiltast på tastaturet kan bli til eit nytt uttrykk. Einaste regelen som gjeld er at nokon andre enn deg skjønner kva du ønsker å formidle.
Ord i dagligtalen
1337 eller Leet-språket kjem i frå dataverda og oppstod som ein kode mellom programmerarar på 80-talet. Nesten ingen som bruker leet i dag, skjønner det opprinnelige språket, som i hovedsak inneheldt tal og tegn, men nyorda i leet-språket brer no om seg både på sms og i dagligtalen.
"LoL"
Jonas Alsaker Vikan har vore profesjonell gamer (dataspelar) i fire år og kan fortelle at på ungdomsskulane finnes det mange leet-uttrykk i dagligtalen. "LoL" er eit av dei mest vanlige uttrykka og betyr "Laughing out Loud", ordet brukes om noko som er svært morosamt.
"n00b" står for nybegynnar eller grønnskolling og "RoXXor!" betyr "Jeg rocker!"
Ein del av leet-språket vert også brukt av unge voksne, som gjerne bruker det på ein lett ironisk måte, viser ei masteroppgåve skrevet av Eirik Jakobsen.
1337 språkreglar
Språket inneheldt ingen reglar, anna enn at nokon må skjønne koden du sender. Den vanligaste måten å lage leet-uttrykk på er å bytte ut bokstavar med tal. Derfor blir "leet" til "1337" (L=1, E=3, T=7). Andre måtar å utvikle språket er å taste feil i tastaturet, lage forkortingar eller ta uttrykk frå dataspel. Språket er i stadig endring og vert forstått av folk over heile kloden.
Norgesglasset NRK P1