Hopp til innhold

Ellen vann Den norske solistpris

Svenske Ellen Nisbeth (25) vart tildelt Den norske solistpris på 100.000 kroner etter finalekonserten i Håkonshallen i Bergen søndag kveld. – Ho får musikken til å sitre, sa juryformann og festspilldirektør Anders Beyer.

Ellen Nisbeth

Ellen Nisbeth med sin pianist Gonzalo Moreno under finalekonserten i Håkonshallen søndag kveld.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Finalekonserten for Den norske solistpris er ein del av Festspillene i Bergen, og fem unge solistar frå kvart av dei nordiske landa kniva om å vinne juryens gunst søndag. Solistane har tidlegare i veka også halde kvar sin konsert på Troldhaugen.

– Å spele bratsj er verkeleg mi greie

Den svenske 25-åringen var svært glad etter å ha fått prisen:

– For ein kunstnar betyr ein slik pris svært mykje, for det gir fridom til å halde fram med det eg brenn for. Å spele bratsj er verkeleg mi greie, sa Ellen Nisbeth då ho tok imot prisen.

Ellen Nisbeth spelte i finalen mellom anna frå bratssonaten til Rebbeca Clarke, som i tillegg til å komponere også var ei av dei første kvinnene som fekk jobb i symfoniorkester.

Les: I kveld er heile orkesteret kvinner

– Eg leitar stadig etter musikk for bratsj og vart fascinert då eg oppdaga denne musikken – Clarke var kvinne, bratsjist og om lag like gammal som meg då ho skreiv den, forklarte Nisbeth etter finalen.

Nisbeth har studert ved Norges Musikkhøgskole, og vore solist med mellom andre Bergen Filharmoniske Orkester og Kringkastingsorkestret. I 2012 vann ho den svenske solistprisen.

Ellen Nisbeth

Ellen Nisbeth på scenen i Håkonshallen etter å ha blitt utropt som vinnar.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Klangfargepaletten hennar verkar uendeleg

Juryformann og festspilldirektør Anders Beyer var raus med lovorda då han presenterte juryens avgjerd:

– Vinnaren inntek scenerommet med naturleg autoritet og kunstnarisk overskot, sa han om vinnaren.

– Med sin personlegdom og si heilt særeigne stemme bergtek kunstnaren publikum. Klangfargepaletten hennar verkar å vere uendeleg.

I juryen sat også trompetaren Tine Thing Helseth, musikkritikar Camilla Lundberg og klarinettisten Hermann Stefansson.

– Det tok ikkje lang tid å bestemme seg, for alle i juryen var samde, sa Anders Beyer etter konserten.

Den norske solistpris vart delt ut for første gong i 2004. I 2012 gjekk prisen til den norske bratsjisten Eivind Holtsmark Ringstad , som vinnar av NRK-konkurranssen Virtuos. Sist prisen var open for finalistar frå heile Norden var i 2011, då den svenske cellisten Jakob Koranyi vart kåra til vinnar.

Kulturstrøm

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP