Eivind Holtsmark Ringstad kvalifiserte seg til den internasjonale finalen gjennom sigeren i norske Virtuos i mars, og frå semifinalar i Wien sist helg.
– Overveldande
Fredag kveld vart han utropt til vinnar av konkurransen, etter å ha spelt frå Béla Bartóks bratsjkonsert under finalekonserten i Wien. Fiolinisten Emmanuel Tjeknavorian frå Austerrike kom på andreplass, og kanunspelaren Narek Kazazyan frå Armenia vart nummer tre.
– Overveldande, sa Eivind Holtsmark Ringstad etter finalen.
– Det var ei fantastisk oppleving å stå på den scenen, med ein bølgje av jubel frå publikum. Dette er det morosamaste eg har vore med på!
Nye solistoppdrag ventar
Eurovision Young Musicians-konkurransen vert halden annakvart år. Norske finalistar dei siste åra har vore Tine Thing Helseth (2. plass i 2006), Eldbjørg Hemsing (3. plass i 2008) og Guro Kleven Hagen (2. plass i 2010).
Då han vann Virtuos-finalen i Store Studio i mars, vann Eivind Holtsmark Ringstad i same slengen Den norske solistprisen på 100 000 kroner, og solistoppdrag med Kringkastingsorkestret og under Festspillene i Bergen.