Men då har vel alle journalistane gløymt kva slags land vi bor i, for med dei bankgebyra vi har, hadde vel litt av kaka forsvunne i det det blir gjort 4,5 millionar overføringar. Så spørs det om vi skal betale utbytteskatt, inntektsskatt eller arveavgift, alt etter korleis likningssjefen tolkar det. Uansett blir det formueskatt om du ikkje brukar opp alt i hu og hast.
Jaudå, du vil vel sitte igjen med nok til eit par wienerbrød på kafeteria’en. Så spørsmålet er eigentlig berre om du vil ha dei wienerbrøda i dag eller når du har blitt pensjonist, og har litt mindre å rutte med...
ADVARSEL: Eg veit denne advarselen kjem litt seint, sidan den står nederst på sida. Uansett; eg vil advare mot eit latterlig dårlig skriftspråk her i "Arilds absurditorium", som ikkje er rikskringkastinga verdig. Men ikkje hiss deg opp og ring til Bernander i sinne, for alt har si forklaring. Desse historiene er nemlig skrive for muntlig framføring på mi langt frå gramatisk riktige dialekt. Så pliiiis; ikkje klag til sjefen min, då?